Jan Inge Sørbø lanserte romanen om Fartein Valen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Bt.no skriv om Farten Valen at han var ein pietistisk mann som skreiv avantgardistisk musikk, og kommenterer at professor Sørbø fortel ei gripande historie om ein seriøs og hardt arbeidande komponist.

Eit nytt tonespråk
- Eg blei fascinert av denne mannen som sat i Valevåg i Sunnhordland og komponerte banebrytande musikk, fortel Sørbø til avisa. Så byrja eg å lytta meg inn i den – delvis med stort strev – men eg likte det. Det er få typar musikk du kan spela så mykje utan å bli lei!

”Symfoni No. 3, opus 41” handlar om Fartein Valen (1887-1952), som er både kjend og miskjend for å ha utvikla eit nytt atonalt tonespråk. Å bruka romansjangeren til å fortelja om ein historisk person, er eit grep som passar Sørbø bra, skriv bt.no vidare.

- Folk i Noreg veit ikkje kor stor han er - 65 år har gått sidan han døydde, fortel Sørbø til h-avisa.no.
- Tida har arbeidd for musikken hans. Tidleg Valen har trekk frå Brahms, Bach også. Han gjorde ein kjempebedrift i arbeidet sitt med tonaliteten, og avantgardistane etter han gjekk jo mykje lenger.



Symfoni no. 3, Opus 41 er utgjeven på Samlaget

 

Del på