Kroatiske lærarar på eksotisk Volda-tur

Eit EØS-prosjekt og ein sporty forskar førte tretti kroatar til Sunnmøre. På menyen stod både matematikktimar, høgskulebesøk og bakvendt vêr.

Kroatiske lærarar på besøk ved HVO.

Delegasjonen frå Kroatia var positivt overraska over vårvêret i Volda. I midten bakarst står høgskulelektor Arve Fiskerstrand, som var vertskapet ved høgskulen. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Eit EØS-prosjekt og ein sporty forskar førte tretti kroatar til Sunnmøre. På menyen stod både matematikktimar, høgskulebesøk og bakvendt vêr.

Denne veka har eit reisefølgje frå Kroatia på rundt tretti personar vitja Volda og omlandet for å lære norsk utdanningskultur å kjenne.

Storparten av gjestene er grunnskulelærarar frå den vesle innlandsbyen Kutina. Der går det nemleg føre seg eit stort EØS-prosjekt som blant anna Høgskulen i Volda (HVO) er partnar i, og målet er å styrkje kompetansen innan utdanning i realfag og tekniske fag i byen.

Mannen bak HVO-samarbeidet, og dermed også grunnen til det kroatiske storinnkjøpet av flybillettar, er høgskulelektor Arve Fiskerstrand ved Institutt for realfag.

Betre matematisk læringsmiljø

– Eg tenkte: «Ok, eg kastar meg på!»

Arve Fiskerstrand hadde bidrege i satsingar på å utvikle matematikkundervisning i ulike kommunar då det kom spørsmål om «akademisk speeddating» med utanlandske aktørar som ville søkje på EØS-midlar.

Arve Fiskerstrand og Kroatia-besøk
Arve Fiskerstrand ønskjer den lydhøyre forsamlinga velkommen til HVO.

– For å søkje trong dei partnarar i EØS-land. Det var ikkje så mange norske interessentar, men eg syntest prosjektet passa godt med den realfaglege satsinga eg hadde jobba med, så eg heiv meg på og enda til slutt opp som partnar for prosjektet til Kutina.

I det breitt samansette EØS-prosjektet har Fiskerstrand hatt ansvaret for å gjennomføre prosjektmodulen som omhandla utvikling av matematikkundervisning. Under temaet «Mathematical Learning Environment» (matematisk læringsmiljø) har han derfor vore i Kutina to gonger og drive utviklingsarbeid saman med lærarane som no kom på besøk til Sunnmøre.

Frå snø i sør til sol i nord

22 av kroatane er lærarar, medan resten deltek i administrative ærend. Tysdag fekk dei vere med på matematikkundervisning ved to skular i Ulstein og etterpå sjå den vakre fugleøya Runde.

Overraskande for både voldingar og kroatar reiste delegasjonen frå snø heime i «sydlandet» til nydeleg sunnmørsk vårvêr, noko som gjorde naturen og landskapet til ei ekstra fin oppleving.

Onsdag stod eit besøk på Høgskulen i Volda for tur. Her fekk dei tilreisande høyre om HVO frå rektor Odd Helge Mjellem Tonheim, bli kjende med grunnskulelærarutdanninga ved studieleiar Eivind Patrick Hanevik og sjå HVOs internasjonale tilbod og satsingar ved seniorrådgjevar Arne Humberset.

Gjestene frå kontinentet lytta og diskuterte aktivt med spørsmål om både utdanningssystem og studentvelferd i Noreg, før dei fekk omvising på høgskulebiblioteket og campus.

Reiseplanen vidare var som eit sunnmørsk kakebord: både Ishavsmuseet på Brandal, Hasundhornet i Ulstein og Fjellstua i Ålesund venta for den spreke gjengen før flyet heim.

Ondina Sambolek
Engelsklærar Ondina Sambolek fekk kurert flyskrekken og tok med seg flotte opplevingar frå både klasserom og natur heim til Kutina i Kroatia. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Tek med nyttige innblikk heim

– Vi har hatt det kjempefint her. På Runde følte eg omtrent at eg var inni National Geographic, smiler engelsklæraren Ondina Sambolek frå reisefølgjet.

Hennar rolle i Kutina-prosjektet er knytt til tilrettelegging for barn med spesielle behov i skulen. Ho fortel at det var interessant å få observere norsk matematikkundervisning på nært hald på Ulsteinvik barneskule.

– Det gjorde ikkje så mykje at det var på norsk, for matematikk er som eit universelt språk. Det gav oss eit flott høve til å sjå systemet her i praksis, korleis lærarane underviser og samarbeider med elevane.

Kva var den største skilnaden frå kroatiske klasserom?

– Det var spennande kor stille det var. Elevane jobba stille i par, og læraren snakka lågt. Det var fint. Og vi forklarer vanlegvis alle oppgåvene høgt først, medan det her var meir oppdelt. Det er nokre kulturelle skilnader mellom oss, men nokre ting er også like – kanskje vi kan finne noko midt mellom vårt og dykkar skulesystem som blir ideelt, reflekterer Sambolek.

Læraren som radio i klasserommet

Arve Fiskerstrand fekk tilsvarande inntrykk då han sjølv vitja kroatiske klasserom i Kutina. Mykje var likt, men noko var veldig annleis.

– Når det blei ro i klasserommet etter oppstarten ved tavla, gjekk læraren rundt og prata veldig høgt som rettleiing ved enkeltelevar. Etterpå spurde eg kvifor ho gjorde det. Ho sa: «Kvifor ikkje, skulle det vere privat?»

Dette blei ein liten augeopnar for sunnmøringen, og han reflekterte over kva han hadde meg i sekken frå sin eigen lærarbakgrunn med klassisk norsk undervisning og éin-til-éin-hjelp.

– Vi tenkte ulikt om eleven sitt perspektiv. Ho var som ein «radio i bakgrunnen» i rettleiinga si og brukte det som hjelp til alle. Det skapte ei anna form for inkludering og fellesskap i arbeidet med oppgåver, og det gjorde meg nysgjerrig.

– Rett til Volda

For Ondina Sambolek blei reisa litt ekstra spesiell – det var nemleg hennar aller første flytur. Trass i ei krunglete reiserute kunne både ho og kollegaene bekrefte at turen eins ærend til Sunnmøre gav meirsmak.

Kva inntrykk har du fått av Høgskulen i Volda?

– Eg skulle ønskje eg var student igjen! kjem det med ein hjarteleg latter.

Rundt oss går praten lett på ulike språk no. Ei gruppe internasjonale studentar et lunsj i solstrålane og sender tankane til HVOs internasjonale slagord «Volda is the place you’ll never forget».

– Sjølv hadde eg ikkje sjansen til å utveksle som student, men eg ville absolutt reist ut om eg fekk sjansen igjen. Dottera mi på 17 år har vore interessert i Noreg, så eg skal sende henne rett til Volda, smiler Sambolek.

Fiskerstrand ser mange verdiar i det å samarbeide og utveksle erfaringar internasjonalt.

– Eg vil drage ein parallell til matematikkfaget mitt. For at elevane skal bli dyktige matematikarar, og ikkje berre kalkulatorar, må dei evne å sjå utanfor rammene. Problemløysing handlar ofte om å kome seg på utsida av det du held på med – og slik er det også med det å få reist ut og møte andre praksisar, ta inn andre perspektiv og få utfordra det ein sjølv er vand med å tenkje og gjere.

Del på: