Kyrkjefag Profil med to nye bøker

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Kyrkjefag Profil er ei vitskapleg skriftserie frå Institutt for Religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. «Tru på Vestlandet» og «NLA Høgskolen: Fagutvikling og sjølvforståing på kristen grunn» er to nye bøker i serien.

 

Tru på Vestlandet

Det er mykje tru på Vestlandet. Vestlendingane trur på seg sjølve, og dei trur på kvarandre. Meir enn dei fleste andre her i landet trur vestlendingen dessutan på Vårherre.

Trua gjer noko med oss. Ho kan gjere oss konservative eller radikale, liberale eller intolerante, undrande eller skråsikre. Alt dette finn ein på Vestlandet. Slik vert det fordi trua ikkje er åleine om å forme livet. Vi lever i ein kontekst, ein samanheng. For vestlendingen er konteksten sett saman av alt frå stormande hav og snødekte fjell til eit talemål som aldri let seg påverke særleg mykje av det som kom frå hovudstaden.

Denne boka formidlar ny forståing av levande religiøse tradisjonar i møte med store kulturelle endringar. Særdrag ved nyare vestnorsk historie vert studert i samanheng med den nasjonale utviklinga. Kva gjer auka individualisering, demokratisering og pluralisering med oss?

Denne boka er lagt ut gratis tilgjengeleg på nettet i CappelenDamm, men kan også bestillast i papirutgåve i bokhandlane.

NLA Høgskolen: Fagutvikling og sjølvforståing på kristen grunn

Denne boka tek utgangspunkt i at NLA Høgskolen feira 50 årsjubileum i 2018. I jubileumshelga vart det halde fleire fagseminar. Fleire av innlegga frå seminara er i ettertid arbeidd ut som artiklar som blir publiserte i denne antologien. I tillegg er vitskapleg tilsette frå ulike avdelingar utfordra til å skriva. Boka er såleis vorten ein antologi som gjennom 12 artiklar vil syna forsking og fagleg engasjement ved NLA Høgskolen. NLA

Kva står NLA for som privat, kristen høgskule?

I samband med jubileet ønskjer forfattarane å visa høgskulen sin plass i sektoren i dag og korleis ein kristen høgskule si sjølvforståing kjem til uttrykk i faglege problemstillingar og forsking i ei rekke av fagområda ved institusjonen. Samstundes vil kvar artikkel gje ny innsikt innan sitt område.

Private høgskular er ein del av høgre utdanning, og all slik utdanning har felles lovverk og forvaltning. Ein artikkel plasserer NLA Høgskolen i universitets- og høgskolestrukturen danna ei ramme for heilskapen i antologien.

Kyrkjefag Profil

Kyrkjefag Profil er ei vitskapleg skriftserie frå Institutt for Religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda med første publikasjon i 2001. Serien er fagfellevurdert. Til og med 2019 er det utgitt 33 bøker i serien. Serien dekkjer i likskap med instituttet fleire fagkretsar. Med religion blir det signalisert ei interesse for det religionsfaglege feltet. Med livssyn ei interesse for verdifeltet, inkludert filosofi. Med kyrkjefag det teologiske og praktisk-kyrkjelege feltet. Tilknytinga til lærarutdanning er sentral. Tverrfaglege arbeid er velkomne. Kva som er relevante tema og faglege tilnærmingar, avgjer redaksjonen. Serien gir ut både antologiar og monografiar.

 

Del på