Måtte lære nytt skriftalfabet for å forske

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

6df19a4ed383a789d54887b9c9892d15

Elise Fugledal er i sluttfasa av mastergrada si i nynorsk skriftkultur og skal levere masteroppgåva 18. mai. Men 24-åringen har hatt fleire ballar i lufta medan ho har hatt kontroll på eigne studie. I januar i fjor vart ho tilsett som forskingsassistent for eit internasjonalt forskingsprosjekt som heiter Travelling Texts, som prorektor ved Høgskulen i Volda, Marie Nedregotten Sørbø, er ein del av. Prosjektet som starta opp hausten 2013 og som skal avsluttast i løpet av 2016, er i regi av Humanities in the European Research Area (HERA) og får økonomisk støtte frå EU.

Gitt meirsmak

Saman med Nedregotten Sørbø er det forskarar frå Finland, Slovenia, Storbritannia og Nederland som er med som er med i prosjektet. Dei skal ha eit arbeidsmøte på høgskulen 26. mai kor Fugledal får vere med.

– Det blir artig å møte forskarane frå dei andre landa. Eg har hatt kontakt med dei på e-post, men når eg møter dei får eg nok eit større bilde på kor stort prosjektet er. Dette er ei nyttig erfaring for meg. Det har gitt meg meirsmak på å halde fram med forsking, for eg er glad i å lære nye ting, smiler Fugledal.

Og det har ho verkeleg gjort som Nedregotten Sørbø sin assistent. Prosjektet tar føre seg kvinnelege forfattarar som skreiv på engelsk, tysk og fransk frå 1790 til 1914, og korleis tekstane deira vart motteken i mindre land i Europa som Noreg, Finland, Slovenia, Nederland og Spania.

Tok feil av bokstavar

Fugledal si oppgåve har vore å finne tekster skrive av kvinner og som vart trykt i ulike publikasjonar på den tida. Då har ho studert norske aviser frå slutten av 1800-talet, og har saumfart Morgenbladet og er no i gong med Aftenposten. Men utfordringa byrja då ho måtte tyde gotisk skrift, som var det avisene trykte på den tida.

– Det aller mest spennande er å bruke mikrofilmmaskin, mens det mest vanskelege var å lese gotisk skrift i starten. Det tok ei lita stund før eg forsto at bokstaven som såg ut som en «l» var ein «s» til dømes. Eg hadde litt erfaring med gotisk frå Ivar Aasen-tekstar, men då hadde eg ein kontekst å halde meg til. I Morgenbladet handla jo tekstane om alt mogleg, og då var det vanskelegare å lese og finne det eg leita etter. Men det går betre no, forsikrar Fugledal.

Med forståinga av den gotiske skrifta vart det også enklare å finne tekstar dei kan bruke i prosjektet.

– Det er veldig spennande når ein gjer funn. Det blir mykje leiting, men det er verdt det når eg treff blink.

– Ja, vi finn heile tida kvinner som vi ikkje har høyrt om før. Ser ein i bibliotekkatalogane er det ikkje så mange kvinner frå den tida, men når vi leiter i aviser og tidsskrifter finn vi mykje meir, skyt Nedregotten Sørbø inn.

935ef48ce6cf481f531fd6a94c9fe9b6
Marie Nedregotten Sørbø (t.v.) og Elise Fugledal arbeider saman.

Utvida fagfeltet

Ho er veldig glad for å ha med seg Fugledal i prosjektet som skal vere ferdig til sommaren 2016.

– Det er kjekt å ikkje vere mutters aleine. Elise hjelp meg med grovarbeidet, som vi gjer saman. Det er så mykje å ta tak i, så det er godt å ha ho. Vi som forskar på litteratur er vand til å arbeide mykje for oss sjølve, men det er så givande å arbeide saman. Då får ein til så mykje meir, med fleire funn og breidde i det.

Fugledal har eit sterkt ynskje om å arbeide med litteratur når ho er ferdig med utdanninga si. Ho rettar ein stor takk til litteraturmiljøet ved HVO.

– Eg føler meg veldig heldig som får vere med på dette prosjektet. Her på høgskulen er det lett å få seg kontaktar og bli kjend med folk i gode forskingsmiljø. Tidlegare har eg vore mest kjend med det nordiske litteraturmiljøet på skulen, men no er eg inne i det engelske også. Eg har lyst til å gå vidare med litteraturvitskap, men er forberedt på at eg må vere fleksibel når eg skal søke jobbar, seier kvinna frå Longva i Haram kommune.

Jobb ut året

Sjølv om det i jobben som forskingsassistent har vore mykje tekstar på engelsk, er det norsk litteratur ho har lagt ned mest tid på i det siste. For masteroppgåva hennar er ei analyse av Lars Amund Vaage sin roman Syngja frå 2012.

– Hovudpersonen i boka har ei dotter som er autist. Då ser eg på språkproblematikken som oppstår, og korleis dottera set ord på ting ho ikkje heilt forstår.

Ho er snart i hamn med oppgåva, som har gjort at ho har jobba ein dag i veka med forskarprosjektet til Nedregotten Sørbø. Men når den er levert og munnleg eksamen er gjennomført 8. juni, blir det meir tid til HERA-prosjektet.

– Det blir sommarjobben min og det gler eg meg til, smiler Fugledal før ho ser bort på Nedregotten Sørbø, som følgjer opp:

– Vi har midlar til å ha deg her ut 2015, så det blir meir enn ein sommarjobb.

Pressefoto

Elise Fugledal
Elise Fugledal og Marie Nedregotten Sørbø

Del på