Ny bok om gammalengelsk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tittelen på boka – som har kome ut på forlaget Cambridge Scholars Publishing – er The syntax of prenominal and postnominal adjectives in Old English. Som det går fram av tittelen, handlar boka om syntaks av adjektiv i gammalengelsk.

– Gammalengelsk (Old English), også kalt angelsaksisk, er den tidlegaste varianten av det engelske språk som var i bruk mellom ca. 449 og 1066, forklarar Pysz. – Det er eit vestgermansk språk som til forskjell frå moderne engelsk er rikt på morfologisk variasjon.

Agnieszka Pysz har undersøkt korleis adjektiv som står framfor og etter substantiv oppfører seg, dvs. kva slags bøying dei får. – Det er interessant at gammalengelske adjektiv til ei viss grad liknar adjektiv i moderne norsk; i det minste bokmål.

Ho gir nokre eksempel på likskapar:
I moderne norsk, som i gammalengelsk, har adjektiv både svak og sterk bøying når dei står framfor substantiv. Svak bøying er t.d. "den store flodhesten" og "det store piggsvinet", altså i bestemt form. Sterk bøying opptrer i ubestemt form, t.d. "ein stor flodhest" og "eit stort piggsvin".

– Etterstilte adjektiv, dvs. dei som står etter substantivet, er kanskje ikkje så vanlege i moderne norsk. Men eg har funne nokre døme som passar godt i desse tider, smiler Pysz. – I Jeg er så glad hver julekveld heiter det "en konge stor", altså sterk bøying. I Glade jul finn vi "paradis grønt". Når norske adjektiv er etterstilte, vert dei alltid bøygde sterkt, akkurat som i gammalengelsk.

Dei som vil lese meir fagleg stoff om monografien, finn eit norsk samandrag her, og den engelske teksten frå vaskesetelen her.
1496fef2f74ef910ced74931b9e1f714b5c89523
 
Agnieszka Pysz med den nye boka.

               
Agnieszka Pysz har PhD-grad i engelsk lingvistikk frå Adam Mickiewicz Universityda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b i Poznań i Polen. Poznań er ein stor by med rundt 500 000 innbyggjarar, og Adam Mickiewicz University, som har rundt  50 000 studentarer, er eitt  av fleire universitet i denne byen . 

I haust kom ho til Volda, og ho er no snart ferdig med sitt første semester som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. Dette er hennar første arbeidsplass i Noreg, men ho kjenner litt til Noreg frå før: – Ja, medan eg held på med doktorgraden min fekk eg støtte frå Noregs forskingsråd til eit opphald i Tromsø hjå CASTLda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b (Center for Advanced Study in Theoretical Linguistics), og det var svært nyttig og lærerikt for meg å få møte dette fagmiljøet. I tillegg har eg vore fleire stader som turist - både i sør og nord.

Mykje er nytt og forskjellig frå det ho var vant til i Polen. – Studentane i Polen har forelesingar kvar dag, og det er forelesingar frå kl. 8 om morgonen til langt ut på ettermiddagen. Difor har studentane gjerne lange dagar på campus, forklarar Pysz. Men tilsette har ein litt annan kvardag: – Fagleg tilsette har faste kontortider nokre timar i veka, slik at studentane kan treffe dei då. Det er veldig vanleg å arbeide heime. Her er det annleis, så eg prøvar å venje meg til det norske "systemet".

Ho er også begeistra for den norske lunsjpausen: – Dette er vel noko nordmenn tek for gitt, men det er nytt for meg! Noko anna som Agnieszka Pysz er positivt overraska over, er det norske biblioteksystemet: – Det er veldig effektivt. Eg kan bestille bøker frå heile Noreg, og etter kort tid har eg dei på kontoret mitt. Dette set eg stor pris på, avsluttar ho.

Del på