Ny bok om nordisk mellomalderhistorie

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

557d497577a2fe6a1442453074da498e85f72031
Førsteamanuensis i historie ved Høgskulen i Volda, Hans Jacob Orning, visste han ville drive med historie etter at han tok grunnfag i 1988. Her med boka "Gaver, ritualer, konflikter". 

- Boka vil kunne stimulere til debatt og gode diskusjonar, vonar Orning.

Driftsmidlar frå Høgskulen i Volda
I 2007 søkte Hans Jacob Orning om små driftsmiddel frå Høgskulen i Volda for å setje i gong eit bokprosjekt. Orning er førsteamanuensis i Historie ved Høgskulen i Volda, og med den tildelte støtta fekk han invitert ti andre mellomalderinteresserte historikarar hit på eit tredagarsseminar. Saman bestemte dei seg for å lage ei bok.

- I eit slikt samarbeid finn ein ofte fram til samnemnarar, og hovudtemaet for vår bok vart difor mellomalderhistorie med eit rettsantropologisk perspektiv, fortel Orning.

- Temaet er nytt og omdiskutert og vi ville ha fokus på saka, legg han til.

Nordisk samarbeid
Samarbeidet mellom dei nordiske forskarane har heldt fram i eit par år for å få boka ferdig. Orning har sjølv hatt hovudansvar for å skrive ein samlande oversiktsartikkel som innleiing i boka, samt ein artikkel om eit meir avgrensa tema; statsutvikling i Noreg mot slutten av høgmellomalderen.

- Det er både omfattande og tidkrevjande å vere redaktør, innrømmer Orning. Innhaldet skal vere bra nok, alt det formmessige som layout og liknande skal på plass, legg han til.

- Mellomalderen har vore viktig for nordmenns identitet i moderne tid. Men med ei antropologisk tilnærming vil vi sette fokus på kor framand denne perioden er, og kor eksotiske fortidsmennesket er sett frå vår ståstad, seier førsteamanuensis Orning.

Internasjonalt prosjekt
- Noko positivt som har kome ut av dette bokprosjektet er at vi har fått mange nye kontaktar, deriblant fire leiande historikarar frå USA, England og Frankrike som har uttrykt si interesse for å lese nordisk historie. Det er planlagt to seminar i 2010 om dette. Slik får vi satt nordisk historie også i eit breiare perspektiv, noko som er særs viktig, fordi nordisk historie er lite kjent i internasjonalt historiemiljø. Resultatet av dette vert ei ny engelskspråkleg bok, utgitt på internasjonalt forlag, som mest sannsynlig er klar for publisering i 2011/2012, avslører Orning. 

Bidreg til debatt
Bidragsytarane i denne artikkelsamlinga nyttar innsikter og metodar frå rettsantropologi på nordisk mellomalderhistorie, med utgangspunkt i tema som gåvebyte, ekteskap, eigedomstransaksjonar, ildprøver, vennskap og statsutvikling.

- Ved å sjå det heile frå eit anna perspektiv enn forsking som berre går tilbake i tid, og samanliknar før og no, kan den rettsantropologiske undersøkinga belyse historia og hendingar ved hjelp av samanlikning med andre førmoderne samfunn, studert av antropologar. Ein får slik ein annan innfallsvinkel til stoffet, meiner Orning.

Finansiell stønad til prosjekt
-  Det som er flott er at ein kan søkje om driftsmidlar frå Høgskulen i Volda, slik kan ein saman med andre som interesserar seg for same sak, starte prosjekt. Små beløp kan altså skape god aktivitet, opplyser Orning. 

880341c17adad68bdfc6c66d468d21615d0c1f2bGaver, ritualer, konflikter
Bidragsytarar: Catharina Andersson, Kim Esmark, Michael H. Gelting, Lars Ivar Hansen, Lars Hermanson, Thomas Lindkvist, Hans Jacob Orning og Jan Rüdiger.
Utgitt: januar 2010, Unipub forlag
Språk: norsk
Pris: Kr 379,00
Sider: 378

Les meir om boka her47360fc2f027331d3346cf4f52a978b80a08d870

Del på