Ny bok om nynorskopplæring

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

a_t_olsen_520_1

Arild Torvund Olsen har mastergrad i visuell kommunikasjon frå NTNU , og har erfaringar frå vevsidelaging og grafisk produksjon, saman med mange års røynsle frå organisasjonslivet.

Boka, som har fått tittelen Didaktiske perspektiv på nynorskopplæring, inneheld alle innlegga frå konferansen «Nynorsk i opplæringa», som vart skipa til i samband med opninga av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i mars 2005, fortel Olsen, som tek seg av vevsidearbeid, informasjonsarbeid og administrasjon ved Nynorsksenteret.

Første utgjevinga i ny skriftserie
Didaktiske perspektiv på nynorskopplæring er første utgjevinga i skriftserien frå Nynorsksenteret, og senterleiar Anne Steinsvik Norddal har vore redaktør.
Interesse for og kunnskap om nynorsk og didaktikk pregar dei fleste tekstene, men her er òg grunnleggjande tekster med eit meir allment perspektiv på verdien av å bruke og ta vare på dei språka som finst. 

Målet med å gje ut boka er å skaffe fram meir faglitteratur med idear og erfaringar om korleis god nynorskundervisning kan vere, og kva som skal til for å lukkast betre med nynorskundervisninga.

Les meir på nynorsksenteret sine heimesider

Del på