Nye prosjekt og ressursar på Nynorsksenteret

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Av: Ingrid Redse Mjaaseth

Nye prosjekt og mange gode ressursar

Gjennom dei prosjekta og tiltaka som vert sette i gong vert det sett fokus på å bruke nynorsken meir aktivt. Nokre skular vil prøve å bruke nynorske lærebøker til unge som har bokmål som hovudmål, ein vil arrangere kurs der ein lærer å uttrykkje seg skriftleg, og elles setje fokus på å auke lærar- og elevkompetansen i sidemål, endre lærarane og elevane sine haldningar til nynorsk og gjennomføre forskingsbasert dokumentasjon av prosjektet.

Dette er litt av opplegget som skal gjere borna meir kjende med nynorsk språk og litteratur i skulane. Eit anna viktig satsingsområde vil vere å auke toleransen for nynorsk, ikkje minst i media.

logo_2

Www.nynorsksenteret.no har vore ei rik base med mange gode ressursar. Ressursane skal vera til hjelp i nynorskopplæringa, men er også nyttig for andre interesserte. Oversikt over ordbøker, ordlister, lesestoff, musikk, kurs, lover for føreskrifter er noko av det som no er lagt ut.

Studietilbod

Målgrupper for senteret sitt arbeid er primært lærarar, lærarstudentar, skuleleiarar, lærarutdannarar, forskarar og læremiddelutviklarar. Men senteret har også ei viktig oppgåve med å formidle kunnskap om nynorsk i opplæringa til foreldre og til ålmenta. På nettstaden kan ein til dømes teste nynorskkunnskapane sine eller skreddarsy sitt eige kurs som skal skape lesarglede hjå born og unge.

Forsking

Nynorsksenteret samarbeider med nettverk, organisasjonar og miljø som arbeider med forsking, utviklingsarbeid og formidling når det gjeld nynorsk og norskfaget generelt. Den faglege verksemda skal vere basert på forsøk som skjer i nær kontakt med studentar og lærarar. Konkrete tilrådingar frå senteret bør derfor vere kunnskap etablert gjennom utprøving i praksisfelt.

Dei tilsette

Nynorskenteret samarbeidar med Ivar Aasen-instituttet, Avdeling for lærarutdanning og Nordisk institutt ved Høgskulen i Volda. Dagleg leiar ved senteret vender seg til Utdanningsdirektoratet i faglege spørsmål og til høgskulen i administrative spørsmål. Dei tilsette er Arild Torvund Olsen, Roger Ole Rangsæter og Anne Steinsvik Nordal.

Del på