Nynorsksenteret gir nynorskbok til barnehagar og skular

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

lesformeg_framside_RGB_lita2- Antologien er tenkt som ein døropnar inn i det rike skattkammeret som den nynorske barnelitteraturen er, og han høver godt til høgtlesing for dei eldste i barnehagen og dei ynste på barneskulen, melder Nynorsksenteret.


- Høgtlesing er både fantasi- og språkstimulerande, og det gjev grunnlag for gode samtalar med borna. Det ser ut til at mange barnehagar og førsteklassar manglar nynorske bøker til slike føremål, og difor har Nynorsksenteret samarbeidd med Det Norske Samlaget om denne antologien, fortel Anne Steinsvik Nordal, leiar for Nynorsksenteret.

Meir informasjon om antologien: http://www.nynorsksenteret.no/lesformeg/

Del på