Nynorsksenteret tilbyd sidemålsopplegg for Oslo

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

 - Bakgrunnen er at forsøket med sidemålsfritak har hamna i ei krise, og at elevar i Oslo no vert skadelidande.

- Vi vil tilrå ei ordning som har vore prøvd ut med suksess ved Holmlia skole i Oslo. Der har elevane brukt nynorsken aktivt utanfor norsktimane. Resultata tyder på at elevane både har vorte flinkare i nynorsk og fått betre haldningar til nynorsk generelt.

anne_nordal520_1

Prosjektleiar for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Anne Steinsvik Nordal

- Dersom Oslo kommune ønskjer det, vil Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa hjelpe til med å utvikle, gjennomføre og evaluere av eit slikt forsøk, seier Anne Steinsvik Nordal.

Nordal viser til at ingen faginstansar vil evaluere det kontroversielle forsøket med fritak  for skriftleg sidemålsopplæring ved halvparten av dei vidaregåande skulane i Oslo. Dermed ser det ut til at føresetnadene for fritaksforsøket
ikkje lenger er til stades, og det er på tide å prøve andre framgangsmåtar.

- Erfaringane til dei fleste elevar er at det vert brukt for lite tid på nynorsk sidemålsopplæring. No trengst det alternative og spennande forsøk som er i tråd med elementært kvalitetssikra forskingsopplegg, fastslår Anne Steinsvik Nordal.
- Vi håper Oslo kommune vil vere opne for våre innspel.
 
For meir informasjon: kontakt prosjektleiar Anne Steinsvik Nordal på
tlf 7007 5197 eller 913 71 773,
eller professor Stephen J. Walton, telefon 7007 7169

Del på