Professor i matematikkdidaktikk – ein sjeldan kompetanse

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

17. september i år vart Ole Einar Torkildsen titulert som "professor Torkildsen". Til dagleg underviser han for dei som tek vidareutdanning i matematikk og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

– Eg trivst godt med å undervise. Innan PPU er det didaktikk som er i fokus og på vidareutdanninga er det matematikkfaget, så på den måten kan ein seie at eg arbeider innan to fagfelt, seier Torkildsen.

Eit fåtal i Noreg
Ole Einar Torkildsen har vore tilsett ved HVO sidan 2003, og er ein viktig kompetanse for høgskulen som lærarutdanningsinstitusjon. Det er berre eit fåtal professorar i matematikkdidaktikk i Noreg i dag. I 2006 disputerte han over temaet "Born sin bruk av matematiske strukturar i opne oppgåver". Doktorgrada kom som eit resultat av eit oppdrag frå tidsskriftet Tangenten.

– Eg laga opne oppgåver for skuleklasser i grunnskulen. Dei vart delt i grupper for å samarbeid og finne ei løysing ut frå ein gitt situasjon. Det eg oppdaga var at elevane nytta matematiske strukturar som dei ikkje hadde lært. Eg tok til å systematisere svara og såg etter kvart at eg hadde identifisert eit ukjent potensiale, fortel Torkildsen.

7e6e103abc698ad18cb1b6ec6b093a7e99a57366
Professor Ole Einar Torkildsen har skrive boka  "Mathematical Archaeologi on Pupils Mathematical Texts".

Ole Einar Torkildsen har erfaring frå ulike felt. Han arbeidde i 13 år med doktoravhandlinga som resulterte i boka "Mathematical Archaeologi on Pupils Mathematical Texts". Deler av tida var han med i eit forskingsprosjekt i Cape Town som rettleiar for doktorgradsstudentar i naturfag- og matematikkdidaktikk.

Viktig førstekompetanse
Matematikkmiljøet ved høgskulen er godt etablert og kan vise til både gode studietilbod og resultat.

– Miljøet tek utfordringar og arbeider både internt og eksternt, noko som har gitt dei god status i regionen. Matematikk er eit fag det vert satsa på, Det er viktig for høgskulen å ha førstekompetanse på dette feltet, fortel rådgjevar Oddbjørn Nes ved kontor for etter- og vidareutdanning.

Praktisk undervisning
Fagmiljøet i matematikk har ei brei målgruppe og underviser lærarstudentar så vel som lærarar med lang erfaring i skulen. Dette har gitt erfaringar og resultert ei meir praktisk undervisningsform.

– Det er gull verdt å treffe studentar med erfaring frå skulen. Dei kjem med konkrete innspel på kva som fungerer og ikkje fungerer, noko som vi tek med oss i undervisning av eigne studentar. Spesielt innanfor didaktikk er blandinga av erfarne og ferske studentar viktig for å få i gong gode samtalar og refleksjonar, avsluttar professor Torkildsen.

Del på