Fekk overrekt Miljøfyrtårn-diplom

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

Høgskulen i Volda fekk i førre veke tildelt det synlege beviset på at høgskulen no er sertifisert som Miljøfyrtårn. 

Det var ordføraren i Volda, Jørgen Amdam, som stod for den høgtidlege overrekkinga av skiltet med logoen til stiftinga Miljøfyrtårn. Direktøren ved Høgskulen i Volda, Karen Lomeland Jacobsen og den interne arbeidsgruppa er svært glade for at høgskulen forpliktar seg. – Det at vi no er sertifisert som miljøfyrtårn betyr ikkje at vi er i mål. Det vil heile tida vere eit kontinuerleg forbetringsarbeid, påpeika ho.

Takkar den interne arbeidsgruppa

Høgskuledirektøren vil gi honnør til studentar og tilsette som i si tid tok initiativet til ein tydlegare miljøprofil ved Høgskulen i Volda. –  Eg ønsker å takke arbeidsgruppa som har vore svært viktige i arbeidet med å få sertifisert høgskulen som Miljøfyrtårn, sa ho. Med på overrekkinga (biletet) var Studentparlamentet, her representert ved nestleiar Trym N. Rimmen og organisasjonskonsulent Kristine Voldnes Langdal. Mellom dei står driftsleiar Leif Roar Strand, vidare rådgjevar ved personalkontoret Solbjørg Nossen Leite og overingeniør Margrethe Apalseth. Desse var ikkje med med på biletet: forskingssjef Henriette Hafsaas og spesialbibliotekar Geir Helge Nilsen. Også organisasjonskonsulent i Studentparlamentet Marit Aklestad (permisjon) har vore sentral i Miljøfyrtårn-arbeidet . 

Resirkuleringsstasjon

Eitt av dei første synlege eksempla på auka miljøfokus ved høgskulen blir resirkuleringsstasjonane som skal stå i fellesareala i Berte Kanutte-huset, Strøm-, Aasen- og Kaarstad-huset. Det er venta at Berte Kanutte-huset får sin stasjon i desember.

Miljøstasjon
Miljøstasjonen er planlagt og teikna av AG Plan og Arkitektur AS.

Har jobba godt over lengre tid

– Høgskulen i Volda er komen lang i forhold til mange andre, sa Jørgen Amdam under overrekkinga av skiltet. – Satsinga på solceller og miljøtenking elles er uhyre viktig, og høgskulen har jobba godt over lengre tid, sa han. – Høgskulen i Volda er den desidert største institusjonen i kommunen med ei Miljøfyrtårn-sertifisering, slo han fast. 

Mange sertifiseringskrav

Autorisert sertifisør Arild Støylen kunne ved tildelinga av sertifikatet tidlegare i haust fortelje at dei mange sertifiseringskrava kan delast inn i sju grupper: krav til ulike administrative system og rutinar som til dømes HMS, arbeidsmiljø, innkjøp, energi med blant anna vekt på energieffektivisering, transport og reduksjon av miljøgassar, avfall med kjeldesortering og estetikk. – Ei slik sertifisering betyr mykje for oss, men det er no arbeidet byrjar. Framover skal vi mellom anna jobbe med Høgskulen i Volda sin miljøpolicy, avslutta høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen.

Les meir: 

Del på