Tryggare på lærarrolla med "Nytt på nytt"

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Stortingsmelding nr.11 (2008-09) varslar ei ny grunnskulelærarlærarutdanning, med auka vekt på fagleg kompetanse, profesjonsretting, studiekvalitet og forskingsorientering. I meldinga ligg også eit forslag om at alle nyutdanna lærarar skal få tilbod om rettleiing gjennom ei mentorordning det første året i yrket. Høgskulen i Volda er med i nettverket for nyutdanna på landsbasis og har dei siste åra gitt tilbod til mange nyutdanna lærarar i skular og barnehagar i Møre og Romsdal.
– Erfaringane frå praksis gir oss i for liten grad innblikk i kva som blir venta av oss i yrkeslivet. Det er heilt klart behov for ei mentor- eller fadderordning som støtte dei første åra etter fullført utdanning", seier fleire av dei nyutdanna lærarane.

Motivasjon og ny giv
Torsdag 19. februar var nyutdanna, rektorar, styrarar og rettleiarar frå Høgskulen i Volda samla på Spjelkavik vidaregåande skule. Dagen var organisert med ei veksling av rettleiing og faglege førelesingar. Denne kombinasjonen gir dei nyutdanna gode tilbakemeldingar på. – Eg får lyst å gå på jobb igjen, seier ei av dei nyutdanna. – Dette motiverer og gir ny giv for arbeidet. Her får vi møte fagpersonar med erfaring frå skule og barnehage. Dei faglege bidraga er lettare å relatere til det daglege arbeidet no enn i studietida. No har vi noko å knyte det til. 

Høgskulen nyttar i tillegg til eigne krefter også førskulelærarar og allmennlærarar med lang erfaring frå yrket. Desse arbeider framleis i barnehage og skule og har formell rettleiingskompetanse. Dette får vi svært gode tilbakemeldingar på.
–  "Nytt på nytt har" hjelpt oss til å få eit meir avklart syn på rolla, det har gitt inspirasjon i jobben og gjort oss trygge på at vi har valt rett utdanning og yrke. Vi ønskjer å fortsette som lærarar etter dette. Det er supert å ha ein heil dag der ein får hjelp til å reflektere over sin eigen yrkesrolle og arbeidssituasjon. Rettleiarane har ikkje gitt oss alle svar, men har stilt spørsmål som har fått oss til å oppdage andre perspektiv på utfordringane. Det at vi sjølve har meldt inn tema vi ønskjer å drøfte, gjer at dette kjennest meiningsfylt og praksisnært. Samstundes gir rettleiing i gruppe rom for erfaringsutveksling og drøfting av felles utfordringar, uttalar deltakarane.

5006fe8c05036d44b5a6851f33855b1596fd2423
Ei gruppe nyutdanna lærarar på samling i prosjektet ”Nytt på nytt”

– Dei nyutdanna gir tilbakemelding om at dei kjenner seg privilegerte som får vere ein del av dette tilbodet. Det er også positivt at leiinga på arbeidsplassen legg til rette for at dei skal kunne delta. For desse er det gjerne ei utfordring å skaffe vikarar og det inneber også ei økonomisk utfordring i eit stramt budsjett. Likevel kan tiltaket vere god økonomi. Evaluering av tiltaket på landsbasis viser at tilbodet om rettleiing bidreg til større stabilitet ved at færre sluttar den første tida i yrket, seier prosjektleiar Gerd Sylvi Steinnes ved Høgskulen i Volda.

Godt førebudde
Skulekvardagen er svært hektisk og det kan vere vanskeleg å sjå samanhengen med det ein får presentert i utdanninga. Med prosjektet "Nytt på nytt" ønskjer ein i større grad å løfte blikket og hente fram att det teoretiske grunnlaget ein har fått tilegna gjennom utdanning.
– Vi ser etterkvart at dette er viktig ballast for å kunne utføre den jobben vi er sett til. Det gjer oss meir reflekterte. Vi møter andre i same situasjon og lærer også av deira utfordringar. Slik kjenner vi oss betre førebudde når det oppstår utfordrande situasjonar. Det gir gode erfaringar å kunne bruke tid på å reflektere over arbeidet. Det rekk vi sjeldan i ein travel kvardag

For 2009 er løyvingane til tiltaket dobla og tildelinga er på totalt 33 millionar på landsbasis. Det inneber at Høgskulen i Volda har rom for mange fleire nyutdanna i prosjektet neste år.

– Det er viktig at prosjektet vert ført vidare og at fleire får høve til å delta, seier dei nyutdanna.


Tekst og bilete: Institutt for pedagogikk

Del på