Årets matblogg

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Studentane på «Mat, kultur og konservering» lærer ikkje berre å lage mat på tradisjonelt vis. Dei matglade studentane driv også bloggar der formidling av matkultur er sentralt.  Bloggen til Cecil Elisabet Nerbø vart kåra som årets beste.

– Det er medstudentane på studiet som kårar den beste matbloggen. I år var det veldig jamt, seier høgskulelektor Kari Ryslett. – Cecil Elisabet Nerbø har god sans for layout og design. Ho har høg kvalitet på produkta sine og presenterer dei i ein svært tiltalande design. Ho er flink til å bruke humor og greier å framstille lokale produkt som noko eksklusivt.

Cecil Elisabet Nerbø og høgskulelektor Kari Ryslett. Foto: Lea K Albertsen.

Frå jord til bord

I tillegg til å vere student ved Høgskulen i Volda, har Cecil Elisabet erfaring som dagleg leiar for Klippfiskakademiet i Ålesund og har jobba mykje med lokal mat og formidling av kunnskapar om råvarer frå sjø og land.  

– Det er kjempeartig å få kunnskapar om «vegen frå jord til bord». Dette er kunnskapar som besteforeldra våre hadde, men som mange yngre ikkje kan noko om. Mange opplever det som eit sakn, og eg vonar bloggen min kan vere til inspirasjon til å ta opp att gamle mattradisjonar, seier Cecil Elisabet Nerbø. 

Om Mat, kultur og konservering

Sentralt i studiet på 30 studiepoeng er forståing for matkultur i eit historisk perspektiv og samanhengen mellom naturgrunnlag og kosthald. Ein lærer om tradisjonell matlaging, oppbevaring og konservering av ulike råvarer. Studiet er praktisk retta, men har òg ein sentral teoretisk del. Viktige tema er mat i eit historisk og kulturelt perspektiv, konservering av mat og mattradisjonar.

Studieprogrammet er godt eigna for dei som vil formidle mat og matkultur til barn, ungdom og vaksne i ulike samanhengar slik som barnehage, skule og anna formidlingsverksemd. Det kan inngå i ei lærarutdanning og som valfri del av ein bachelorgrad. Utdanninga kan byggast ut til Årsstudium i matkultur og helse ved Høgskulen i Volda.

Del på