"Krysninger" - om moderne nordisk lyrikk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I Krysninger ser ein på lyrikken i eit regionalt perspektiv i staden for å trekkja grensene ved den nordiske språkfamilien. Nordisk lyrikk vert slik lyrikk skreve i Norden.

Nylesingar i del tre
Granaas og Sørbø bidreg i boka sin tredje del som består av nylesingar av moderne nordisk lyrikk. Her vert ulike forfattarskap drøfta under etikettar som romantikk, vitalisme, modernisme og postmodernisme. Nynorsk romantikk og Olav Aukrust si dikting er utgangspunktet, færøysk samtidspoesi med Tóruddur Poulsen og Kim Simonsen er endepunktet. Sørbø startar tredjedelen med ”Aukrust – lyrikkens ”ganz Andere”?”.  

I tillegg vert tekstar av mellom andre Jens August Schade, Åsmund Sveen, Tarjei Vesaas og Tor Obrestad behandla i denne delen av boka. Her kjem Granaas  inn med sin artikkel ”Andsynes andletet – barnet og rørslene i ”Hesten” av Tarjei Vesaas”.

Relasjonar, lyrikkteori og ulike lyrikksjangrar i del ein og to
Første del av boka tek for seg relasjonen mellom lyrikk, biletkunst og musikk, med tekstmateriale henta frå så vel 1900- talet sin nordiske modernisme som Bob Dylan sin lyrikk. Her vert også den tradisjonelle og språkbaserte nordistikkforståinga utfordra gjennom to artiklar om den samiske lyrikaren Nils-Aslak Valkeapää.

Lyrikkteori og ulike sjangrar innan lyrikken vert drøfta i boka sin andre del, ved hjelp av teksteksempel  frå den nordiske samtidslyrikken. Her ser ein at det lyriske diktet ikkje lenger er einerådande, og det tilskyndast til refleksjon rundt det nordiske langdiktet, samt til ein etterlengta etablering av dette sjangeromgrepet også innan nordisk litteraturkritikk.

Litt om bidragsytarane
Alle bidragsytarane i Krysninger er blant dei fremste lyrikkforskarane i Norden.

granaas_lite_1Rakel Christina Granaas har Magister artium i litteraturvitenskap frå Universitetet i Bergen. Ho har tidlegare publisert ei rekke artiklar om forfattarar som Knut Hamsun, Sigrid Undset, Tarjei Vesaas, Paal-Helge Haugen og Herbjørg Wassmo. Ho er og medlem av hovudredaksjonen og skribent i ”Nordisk kvindelitteraturhistorie” bind 1 – 5. 
Ho er no dosent i nordisk litteratur ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved høgskulen.  

 

sorbo_1Jan Inge Sørbø har mellom anna Dr. philos. på avhandlinga "Målt mot det yttarste. Arnold Eidslott - Theodor Adorno. Ein konstellasjon" (1998) og har vore journalist i ”Dagen” og ”Stavanger Aftenblad”.
Han har skreve fleire bøker av norske forfattarar, blant dei Alexander L. Kielland, Ronald Fangen, Alfred Hauge, Arnold Eidslott og Hans Skjervheim.
Sørbø har sidan 2002 vore tilsett som professor i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet.

krysninger_forside2_1Krysninger er gitt ut på Unipub forlag og koster 398 kroner.

Del på