Ny bok: Toleranse – religion – konflikt

Tekst: David Høyheim Skintveit

- Oppdatert

"Toleranse – religion – konflikter" er nyttig for alle som gjer seg tankar om korleis vi kan ta vare på og praktisere den åndsfridomen og toleransen som eit multikulturelt og livssynsope samfunn krev av oss.

Boka er også ei helsing til dosent Asbjørn Simonnes med takk hans innsats på Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda i meir enn 30 år.

I 1814 vart Noreg definert som ein konfesjonell luthersk nasjon. Religionsfridom kom ikkje inn i Grunnlova før i 1964. I dag er Noreg eit fleirkulturelt samfunn, med ulike livssyn og religionar side om side. Toleranse har vorte eit ideal som har fått nedslag i lovverket. Kvar kjem dette idealet frå, og kva inneheld det? Korleis skal det livssynsopne samfunnet utformast i praksis?

Artikkelforfattarane har erfaring frå grunnskule, lærarutdanning og utdanning av kyrkjeleg tilsette. Dei formidlar kunnskap om toleransen si filosofiske, kulturelle og politiske historie, men også om dei problema som utfordrar oss til tolerante haldningar. Boka er nyttig for alle som gjer seg tankar om korleis vi kan ta vare på og praktisere den åndsfridomen og toleransen som eit multikulturelt og livssynsope samfunn krev av oss.

Mange spørsmål vert handsama frå fleire vinklar:

  • Er det liberale toleranseidealet svekka i dagens samfunnsdebatt? (Njål  Skrunes og Margun Serigstad Dahle)
  • Kvifor treng vi toleranse i tydinga «å tole» (Marianne Hustvedt)
  • Toleransen kan problematisere grenser, affektar og relasjonar i eit pluralt samfunn (Jonas Gamborg Lillebø)
  • Om Bernt Støylen og ordinasjonsstriden 1923 (Olga Støylen Runde)
  • Kva vilkår er det i kyrkja for toleranse i striden omkring likekjønna ekteskap? (Jan Ove Ulstein)
  • Kva med menneskerettane og kristen misjonstenking? (Arne Redse). Og i læreboktekster i skulen? (Kristin Hatlebrekke)
  • Kva toleranse krevst i interkulturelle relasjonar? (Yvonne Wang)
  • Om toleransens plass i eit livssynsope samfunn (Ingun Folkestad Breistein)
  • Tru og kjensler kan krenkast. (Birger Løvlie tek fram trekk frå blasfemiens historie)

«Toleranse – religion – konflikt» med redaktørane Bente Afset, Birger Løvlie og Arne Redse, er bok nummer 29 i Kyrkjefag Profil. Det er Institutt for religion, livssyn  og kyrkjefag er ansvarlige for denne vitskapelege skriftserien som kjem ut på Portal forlag. Skriftserien var fram til 2015 utgitt i samarbeid med Fagbokforlaget, Akademika forlag og Tapir forlag.

Del på