Seminar med fokus på psykisk helse i skulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Ein stadig aukande del av elevane i skulen i dag slit med psykiske problem, åtferdsvanskar, lærevanskar, problem i heimen eller rusproblem. Slike problem har ofte komplekse og samansette årsaker, og difor krevst det stor grad av tverrfagleg og tverretatleg samarbeid for å kunne førebyggje og løyse desse på ein god måte, seier Osborg.

Ho meiner at ved å fokusera på utfordringane rundt psykisk helse blant barn og unge i skulen allereie i profesjonsutdanningane, kan ein bidra til å forbetra situasjonen slik den er i dag. Ofte fører manglande tverretatlig samarbeid nemleg til at læraren nyttar uhøvleg mykje tid på å prøva å løysa problema innafor ramma av ein skuledag, noko som igjen går ut over læringsarbeidet med elevane.

- Dette seminaret er eit verdifullt supplement til pensumet for lærarstudentane ved høgskulen, i og med at me ikkje har lagt størst vekt på denne tematikken i den ordinære undervisninga, meddeler Osborg.

odin2

Odin Hjemdal, spesialist i klinisk psykologi og førsteamanuensis ved Psykologisk Institutt ved NTNU avsluttar onsdag seminaret med ei forelesning om "Beskyttande faktorar og motstandskraft". Han har i sitt doktorgradsarbeid jobba særleg med måling av beskyttande faktorar som er funne i resilienceforsking og underviser på tema som resilience, kognitiv terapi, depresjon, metode, personlegdom og stressmeistring.

- Fokuset på beskyttande faktorar, skiljer seg frå det andre typar forskning fokuserer på, nemleg sårbarheit og risiko, fortel Hjemdal.

Programmet for seminaret kan du lesa her.

Del på