Landsgymnasa i fokus på Ivar Aasen-tunet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Boka inneheld personlege og perspektivrike glimt frå ulike bidragsytarar og vil bidra til ein real mimre- og kulturkveld.  landsgymnas

Landsgymnaset
er den første fulldekkande framstillinga av eit særnorsk skuleslag der tusentals bygdeungdomar frå 1916 til 1964 fekk høve til å ta artium på fire år utan realskuleksamen.
Boka er redigert av Gudleiv Forr og Helge Wold og lanserast av Det Norske Samlaget.

 

Kva hadde Volda vore utan det landsgymnaset som Olav Riste fekk i gang for snart hundre år sidan? Kor viktige var dei tolv landsgymnasa rundt om i landet for utbreiinga av nynorsk? Og kva skulle Noreg gjort utan dei mange tusen som tok denne utdanninga?
- Først no er det laga ei bok om alle desse utdanningsinstitusjonane. Kvart av landsgymnasa har fått sitt kapittel, og historia om Volda er det tidlegare Volda-elev Asbjørn Aarnes som har skrive. Gudleiv Forr og Helge Vold kjem til Aasen-tunet onsdag for å presentere boka – som sjølv gjekk på landsgymnaset på henholdsvis Steinkjer og Eidsvoll.

 

Boka er rikt illustrert og inneheld personlege og perspektivrike glimt frå kvar av dei 12 landsgymnasa i landet: Volda, Voss, Hornnes, Eidsvoll, Firda, Orkdal, Bryne, Steinkjer, Vinstra, Finnfjordbotn, Alta og Bø.

Reidun Høydal, FoU-leiar ved Høgskulen i Volda har skrive innleiinga til boka og vil under lanseringa vere tilstades for å vise kva rolle dei tolv landsgymnasa spelte i nasjonalt perspektiv. Andreas Skartveit skal fortelje om sine elevår ved Rogaland offentlege landsgymnas.

 

Arrangementet er ein del av FESTiVOLDA og held stad på Ivar Aasen-tunet onsdag 31. oktober klokka 20.00 – 21.30. Det er duket for ein real kulturkveld for dei som vil mimre og dei som vil sjå framover.

Del på