Bibliotek

  • Utvida opningstid i eksamensperioden

    Publisert

    I perioden 4. mai - 13. juni har vi utvida opningstid i helgene:

    Fredag: 08.30-18.00
    Laurdag: 10.00-16.00

    Lykke til med eksamen!

  • Aktivitetsauke i biblioteket!

    Publisert

    Biblioteket kan for 2008 vise til ein utlånsauke på heile 9%, noko vi må seie oss svært godt nøgde med! Dette forsterkar berre den tendensen vi har sett dei seinare åra, med stadig stigande utlånstal. Med tanke på at stadig meir informasjon er tilgjengeleg i fulltekst på internett, er auken spesielt gledeleg. "Det papirlause biblioteket" verkar for vår del å vere langt unna.

  • Hamsunåret 2009

    Publisert

    Nettstaden www.hamsun.no er ein sentral kommunikasjonskanal i jubileumsåret for Knut Hamsun. På hamsun.no finn du aktualitetsstoff og informasjon om Hamsun-arrangement i inn- og utland. Ressurstorget gir oversikt over foredragshaldarar, framsyningar og andre Hamsun-relaterte ressursar.

  • Klart språk i staten!

    Publisert

    Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT har lansert ein ny nettstad for statstilsette: www.klarspråk.no. Nettstaden er ein del av prosjektet "Klart språk i staten", som vert finansiert av Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

  • Databasetipset: Social Care Online

    Publisert

    Social Care Online er ein britisk database innan sosialt arbeid. Det er den mest omfattande gratis databasen i Storbritannia innan dette feltet. Basen dekkjer forsking, offentlege dokument, tidsskriftartiklar og nettstader. Søkeresultata gir ei blanding av referansar, abstracts, fulltekst og lenkjer til vevsider.

  • Nye retningslinjer for digital publisering frå Forskningsrådet

    Publisert

    Forskningsrådet har vedteke nye prinsipp for open tilgang til vitskapleg publisering. Prinsippa slår fast at vitskaplege tidsskriftartiklar som byggjer på FoU-prosjekt finansiert av Forskningsrådet, skal lagrast i opne digitale arkiv og dermed gjerast tilgjengelege for alle interesserte. Forskningsrådet understrekar likevel at slik arkivering ikkje må bryte med forfattaren og utgivaren sine rettar.

  • Store Norske Leksikon fritt tilgjengeleg for alle!

    Publisert

    Store Norske Leksikon er no gratis tilgjengeleg for alle. Leksikonet som har ein historie som strekkjer seg 100 år tilbake i tid, har no teke steget fullt ut og gjort alle artiklane fritt tilgjengelege på nettet. Nettstaden har fått namnet snl.no, og gir tilgang til 300.000 kvalitetssikra artiklar.

  • Rim og vers i innboksen

    Publisert

    Prosjektet "E-diktet" i Østfold tilbyr gratis e-postabonnement på nyskrivne barnedikt. Prosjektet har vorte svært populært og over 1100 har til no meldt seg på lista som er open for alle.

  • Ordbok-søk i nettlesaren

    Publisert

    Nye nettlesarar har eit eige søkefelt øvst i høgre hjørne. Med dette kan ein gjere søk i bestemte søketenester uavhengig av kva nettside ein har oppe. Dersom du kjem over eit vanskeleg ord på ei norsk nettside eller treng å omsetje eit ord i ei engelsk nettavis til norsk, kan det vere nyttig å søke direkte.

  • Bokutstilling om Palestina-konflikten

    Publisert

    Krigen på Gaza-stripa den siste tida har igjen aktualisert Palestina-konflikten. Biblioteket vil gjennom ei utstilling av bøker frå eigne samlingar prøve å sjå denne konflikten i eit breiare perspektiv.