Forsking og utvikling

  • Har ført Noregshistoria i pennen

    Publisert

    Førre veke blei Noregshistoria gitt ut på nytt. I fire bind blir dei siste 1 500 åra skildra på ein heilt ny måte. - Vi har lagt vekt på livet til den vanlige mann og kvinne, og ikkje så mykje på dei store kongane og krigane, fortel redaktør Hans Jacob Orning, som til dagleg jobbar ved Høgskulen i Volda.

  • KD løyver ein million kroner til SEANSE

    Publisert

    SEANSE, senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda, har mottatt ein million kroner til sitt Teaching Artist Program. Senteret er ein arena for kompetanse og utvikling av samarbeid mellom kunstfeltet, skule og barnehage. – Kommunar og kulturskular har vist stor interesse for å søke om midlar til kulturtilbod for born og unge. Det kom inn over 350 søknader, og av disse har 210 fått midlar, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

  • Nasjonal pris til Hans Jacob Orning

    Publisert

    Professor Hans Jacob Orning er tildelt prisen for «det mest nyskapande bidraget til Historisk tidsskrift» (HT-prisen) i 2010. Historisk tidsskrift er på høgaste akademiske nivået i Noreg, og det er utgjevaren, Den norske historiske foreining (HIFO) som har innstifta prisen.

  • Rolf Werenskjold med to bidrag i ny bok om 68-opprøret

    Publisert

    Rolf Werenskjold, førstelektor i mediehistorie ved Høgskulen i Volda, bidrar med to kapittel i ei ny bok om studentopprøret i Europa frå slutten av 60-talet og fram til 1980. «Between Prague Spring and French May» kjem ut på det prestisjetunge forlaget Berghahn Books med base i Oxford og New York.

  • Orning fekk professorkompetanse i eldre historie

    Publisert

    Hans Jacob Orning vart nyleg tilkjent professorkompetanse i eldre historie. Orning har vore tilsett som førsteamanuensis ved Historisk institutt ved Høgskulen i Volda sidan 2005, han er middelalderhistorikar og har særleg arbeidd med norsk høgmiddelalder og med fornalder- og riddersagaer.

  • FoU-prisen 2011 til Historisk institutt

    Publisert

    HVO-styret tildelte på møtet 9. juni FoU-prisen for 2011 til Historisk institutt ved Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH). Det er første gongen prisen går til eit fagmiljø, tidlegare er det enkeltpersonar som har fått prisen. FoU-prisen til fagmiljø er på 50.000 kr og vert utdelt under Forskingsdagane til hausten.

  • Lansering

    Publisert

    Per Halse har fått gitt ut doktoravhandlinga si i redusert og folkeleg utgåve. Boka, "Gudsord og folkespråk. Då nynorsk vart kyrkjemål.
    " i serien Krkjefag Profil frå Tapir Akademisk forlag, vert lansert torsdag 26. mai kl. 12.00 i rom 158 i Berte Kanutte-huset.