Forsking og utvikling

  • Forskingsdagane 2010 snart i gang

    Publisert

    24. september er det klart for Forskingsdagane 2010 over heile landet. Universitet, høgskular, forskingsinstitusjonar, museum og bibliotek opnar dørene sine for å vise fram forsking i ulike variantar - og arrangementa er gratis. Eit viktig mål er å skape begeistring og forståing for forsking.

  • Ny Sørbø-bok: Lyset frå fars ansikt

    Publisert

    Professor Jan Inge Sørbø presenterte i går boka "Lyset frå fars ansikt. Refleksjonar ved livets slutt" i Oslo. Søndag morgon kan du høyre Sørbø snakke om den nye boka i radioprogrammet "På livet laus" på NRK P2.

  • Forskingsdagane 2010: Er dorullforming kvalitetskunst?

    Publisert

    I kunst- og designfag er kvalitet eit velbrukt ord, og fagfolk deler villig vekk vurderingar av god eller dårlig kvalitet. Kva eigenskapar viser dei eigentleg til? spør Karen Brænne i si doktorgradsavhandling, som vert presentert under Forskingsdagane i Volda.

  • Professor Michael Schulte opponent i Island

    Publisert

    Professor Michael Schulte, Institutt for språk og litteratur, er utnevnt som opponent ved den islandske doktordisputasen til Ragnar Ingi Aðalsteinsson i Reykjavik. Opponenttalen til Schulte er planlagt utgitt i det islandske tidsskriftet Íslenskt mál og allmenn málfræði.

  • Gjesteforelesing: Media og protestbevegelsen under den kalde krigen

    Publisert

    Avdeling for mediefag arrangerer gjesteforelesning med gjesteprofessor Martin Klimke om det ambivalente forholdet mellom media og protestbevegelser under den kalde krigen - med undertittel "Fra gatedemonstrasjoner til museklikk." Klimke var medorganisator for den store protest- og mediakonferansen som Avdeling for mediefag arrangerte i Volda i 2008.

  • Ny bok om kinesisk religion

    Publisert

    Professor Arne Redse har gitt ut boka "Kinesisk religion og religiøsitet" på Tapir forlag. Boka er unik: Det finst ikkje andre framstillingar av kinesisk religion av dette omfanget på norsk.

  • Nettmøte med professor Peder Haug

    Publisert

    Professor Peder Haug svarar på spørsmål frå lesarane i eit nettmøte på smp.no i samband med skulestarten. Les spørsmåla og svara frå skuleprofessoren.

  • Der utdanning og praksis møtes

    Publisert

    – Studentene må inviteres med for å diskutere hvordan utdanningen kan gjøres mer relevant for arbeidslivet. Det sier professor Kåre Heggen, som lanserer boka ”Kvalifisering for profesjonsutøving” ved Høgskolen i Oslo torsdag 19. august. Heggen har siden 2005 vært professor II ved Senter for profesjonsstudier, og er til daglig professor ved Høgskulen i Volda.

  • Pedagogikkonferanse med blikk på dei framande i klasseromet

    Publisert

    Professor Tobias Werler ved Institutt for pedagogikk i Volda samla forskarar frå Portugal, Tyskland, Austerrike og Skandinavia til ein vellukka workshop rundt temaet heterogenitet. Workshoppen leier no til eit symposium på den europeiske forskingskonferansen ECER neste år og ein antologi som kjem no i haust.

  • Nordisk mobilisering under språkforskarkonferanse i Russland

    Publisert

    Den første, internasjonale lingvistkonferansen (CDLI) vart halden i Russland førre veke. Professor Michael Schulte frå Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda var den norske representanten. - CDLI var ei politisk markering for å mobilisere og bygge opp under det internasjonale samfunnet for språkforskarar, kommenterer han.