Synnøve Hedemann Amdam disputerte 9. september 2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Oslo med avhandlinga: "Media teachers’ discursive understandings in developing 21st century education: Are we the tugboat, the satellite, or the terror cell?"
Stipendiatane Julia Melnikova og Elin Førde ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning var 22. – 25. august på den årlege forskarkonferansen ECER (European Conference on Educational Research) i Jerevan, hovudstaden i Armenia.
Per Halse, professor i kristendomskunnskap, religion, livssyn og etikk (KRLE) ved Høgskulen i Volda, fylte 65 år 24. januar 2022. I heidersskriftet «Tru, språk og historie» vert Halse hylla av fagfellar, kollegaer og vener.
Nanna Natalia Jørgensen disputerte 26. august for ph.d.-graden ved Høgskulen i Volda med avhandlingen: “The therapeutic mobilities of Pilgrimage Walking: A study of the health impacts of walking the Norwegian St. Olav Way”.
Nanna Natalia Jørgensen ved Avdeling for samfunnsfag og historie disputerer fredag 26. august. På hivolda.no kan du fra klokka 10.15 følge prøveforelesninga og disputasen.
Fjordkonferansen er ein årleg konferanse der forskarar frå Vestland og Møre og Romsdal deler resultat av forsking på ulike emne. Tema for årets konferanse i Loen 16. – 17. juni var «nyskaping». Målet var å stimulere til ein fruktbar debatt om korleis dette omgrepet gjer seg gjeldande innanfor og på tvers av ulike fagfelt.
I 2021 lanserte EU-kommisjonen «New European Bauhaus (NEB) Initiative», eit prosjekt kopla til det europeiske grøne skiftet og arbeidet med å nå FN sine bærekraftmål. I juni var ei rekkje forskarar, politikarar og arkitektar samla i Brussel for å diskutere arbeidet for å nå måla om berekraftige lokalsamfunn. Frå Høgskulen i Volda deltok professor Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag.
Sju forskarar frå Høgskulen i Volda tok del i konferansane «Creating a world we want to live in» og «Health and wellbeing for all – heading for the future» i Reykjavik 28. juni til 2. juli. Tvillingkonferansane vart arrangerte av den nordiske folkehelsekonferansen (NPHC) og den europeiske konferansen i positiv psykologi (ECPP).
Saman med Alan Swan og Àngel Beneito har professor emeritus Jon Olav Myklebust skrive bok om om den svenske barneheimen i Dénia, mellom Alicante og Valencia, under den spanske borgarkrigen (1936 – 39).