Forsking og utvikling

  • Lila Moberg: Ny bok om korleis små barn kan bruke data

    Publisert

    Korleis kan bruk av digitale verktøy bidra til å styrka barnehagen som ein lærande organisasjon? Korleis kan dei vaksne i barnehagen bidra til å gjera digitale verktøy til ein ressurs for barns leik og læring? Dette er spørsmål som høgskulelektor Lila Moberg tek opp i si nye bok, "Barn og kommunikasjon
    - Om små barns bruk og utforsking av digitale verktøy."

  • Seminar og festskrift til professor Peder Haug

    Publisert

    Norsk lærarutdanning og pedagogikkfaget sin plass i lærarutdanninga er tema for to seminar ved Høgskolen i Oslo 25. august. Professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda (HVO) får ein svært sentral plass i programmet då eitt av seminara er knytt til lanseringa av ”Pedagogikken i reformene – Reformene i pedagogikken”, eit festskrift til professoren i høve hans 60-årsdag.

  • Studium for betre kosthald

    Publisert

    Møre og Romsdal fylke meiner folk veit for lite om kosthald og ernæring, og ynskjer no eit samarbeid med Høgskulen i Volda for å starte opp eit studietilbod i løpet av 2009 rette seg mot matvanar i barnehage, SFO og skule, skriv nrk.no. Høgskulelektor Brunstad Øyehaug er positiv.

  • I mål med engelsk læreverk

    Publisert

    Nyleg kom siste bok i lærebokserien "A New Scoop" for 5. til 7. klasse ut på Samlaget. Ein av forfattarane bak serien er førstelektor Randi Lothe Flemmen ved Høgskulen i Volda. Ho har i ei årrekkje undervist lærarstudentar i engelsk, og ho er samstundes ein svært produktiv lærebokforfattar.

  • Solid disputas

    Publisert

    Sist fredag disputerte Jan Fredrik Hovden for dr. polit. -graden ved Universitetet i Bergen.
    – Eg har vore opponent til mange doktorar og også vore tilhøyrar på mange disputasar, men aldri opplevd ein så suveren handtering av metodiske spørsmål og utfordringar som den Hovden hadde i sin dialog med andreopponenten, seier Rektor Jørgen Amdam.

  • Kjetil Laurits Høydal med doktordisputas tysdag.

    Publisert

    Høgskulelektor Kjetil Laurits Høydal disputerer tysdag 17. juni 2008 for graden Philosophia doctor klinisk medisin ved NTNU med avhandlinga: «Effektar av uthaldstrening med høg aerob kapasitet hjå friske og pasientar med kransarterie sjukdom; Viktigheita av intensitet varigheit og frekvens ved uthaldstrening».

  • FoU-prisen for 2008 til forskar Finn Ove Båtevik

    Publisert

    FoU-prisen ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda går i år til forskar II ved Møreforsking Volda, Finn Ove Båtevik. Prisen, som er på 30.000 kr, skal delast ut under Forskingsdagane i slutten av september. Det var styret for Høgskulen som tildelte prisen på møtet 5. juni, og av grunngjevinga går det fram at det er ein særs allsidig forskar som får prisen i år. Høg kvalitet og stor fleksibilitet er særtrekk ved Båtevik som forskar.

  • Doktordisputas

    Publisert

    Cand. polit. Jan Fredrik Hovden disputerer fredag 20. juni 2008 for graden dr. polit. ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: "Profane and Sacred. A study of the Norwegian Journalistic Field."

  • Høgskulelektor Jon Peder Vestad med ny bok

    Publisert

    ”Snakk om språk!” er en underholdende og opplysende språkbok - både for stuebordet og nattbordet, hytta og stranda, bussturen, kontorplassen og ryggsekken. Boka er skrevet av høgskulelektor Jon Peder Vestad ved Høgskulen i Volda, Olaf Husby, Ingebjørg Tonne og Helene Uri.