Forsking og utvikling

  • Ute med bok på prestisjetungt forlag

    Publisert

    Historikaren Hans Jacob Orning har nettopp fått gitt ut boka ”Unpredictability and Presence - Norwegian Kingship in the High Middle Ages” på Brill forlag i Nederland, eit leiande internasjonalt forlag innan sosialvitskap og humaniora. Boka er ei revidert utgåve av Orning si doktoravhandling frå 2004, og er den første doktoravhandlinga skriven av ein nordmann i denne serien.

  • Ny bok om vanskar med språk og kommunikasjon frå Bele

    Publisert

    Førsteamanuensis Irene Velsvik Bele ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda er redaktør og medforfattar i den nye boka ”Språkvansker. Teoretiske perspektiver og praktiske utfordringer.” – Vi tek først og fremst for oss vanskar med språk og kommunikasjon som er allmenne, men som enkelte strevar med i større grad enn andre.

  • Stor interesse for doktorgradsarbeidet til Marte Bogen Sinderud

    Publisert

    Konkubiner, mektige embetsmenn og ydmyke tjenere i Ngaoundere, Nord-Kamerun var temaet for doktorgradsarbeidet til Marte Bogen Sinderud ved Høgskulen i Volda. Hun disputerte nylig for doktorgraden ved Universitetet i Oslo, og arbeidet har vekket interesse.

  • Vellykka disputas

    Publisert

    25. april disputerte Jens Johan Hyvik ved Historisk institutt. Disputasen fann stad på Universitetet i Oslo, og det var i underkant av 30 personar som følgde disputasen. Avhandlinga er skriven innanfor prosjektet ”Det opne språket” ved Ivar Aasen-instituttet, og har tema“…hvorfor har Norge ikke et eget nationalt sprog? - Språk og nasjonale førestillingar i Noreg 1739-1850".

  • Seminar med fokus på psykisk helse i skulen

    Publisert

    Lærarstudentar og tilsette ved lærarutdanninga har dei tre siste dagane delteke på seminar om psykisk helse i skulen. Kari Anne Osborg i arrangementskomiteen meiner at temaet for seminaret er svært relevant for komande lærarar.

  • Lærebok skapt i samarbeid mellom Chancellor College og Høgskulen i Volda

    Publisert

    - Boka ’LEARNING DEMOCRACY - A resource book’ er skriven særleg med tanke på lærarutdanning og undervising i vidaregåande skule og ungdomsskulen. I tillegg til relevant fagstoff presenterer boka også metodar og refleksjon om undervising og læring for demokrati, fortel Odd Ragnar Hunnes, leiar for prosjektet ved Høgskulen i Volda.

  • Prosjektet ”Nærbutikkens rolle i lokalsamfunnet” ved Møreforsking

    Publisert

    Prosjektet ”Nærbutikkens rolle i lokalsamfunnet” er gjennomført på oppdrag frå Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkane i regionane (Merkur). Gjennom prosjektet har Møreforsking sett på den rolla nærbutikken har for utviklinga i små samfunn. Studien viser at samspelet mellom butikken, nasjonale aktørar, kommunen og lokalsamfunnet er viktig dersom desse butikkane skal fylle ei rolle som lokal utviklingsaktør.

  • Møreforsking ved ei rundingsbøye

    Publisert

    Fredag 28. mars 2008 passerte Møreforsking ei rundingsbøye. Denne dagen var siste ordinære arbeidsdag i Møreforsking for tidlegare direktør Bjørn Stave. Dette var markert med eit fagleg seminar der viktige nøkkelpersonar og sentrale samarbeidspartnarar deltok, i tillegg til eigne tilsette og representantar frå dei tre høgskulane i Møre og Romsdal.

  • Nynorsksenteret gir nynorskbok til barnehagar og skular

    Publisert

    Lesegranskingar syner at born treng å møte meir nynorsk i kvardagen, slik at dei vert trygge og gode språkbrukarar. På torsdag lanserer difor Nynorsksenteret boka Les for meg!, ein antologi som skal gje norske born eit møte med dei gode, moderne nynorske tekstane. I vår kjem barneskulane og barnehagane i heile landet til å få kvart sitt eksemplar av antologien i gåve frå Nynorsksenteret.

  • Dagsseminar om nyskaping, 17. april kl. 09.00-13.30 i Berte Kanutte 158

    Publisert

    Seminaret er aktuelt for både studentar og tilsette, og vil sette søkelys på kommersialisering av forskingsresultat og nyskapande studentarbeid. Har du ein forretningside basert på forsking eller nyskapande arbeid? Seminaret vil gi deg tips til korleis du kan utvikle ideen vidare.