Forsking og utvikling

  • ”Skaff deg eit liv! Om biografi” av Stephen J. Walton

    Publisert

    Stephen J. Walton var Noregs første professor i nynorsk skriftkultur, og er leiar for Ivar Aasen-instituttet her ved Høgskulen. I desse dagar er han aktuell med boka ”Skaff deg eit liv! Om biografi”, som er ei samling artiklar om biografisjangeren og det å skrive biografiar. Boka har fenga fleire si interesse og fått gode omtalar.
    - Eg var skeptisk til denne måten å skrive på og ville gjere det på ein annan måte, det var utgangspunktet mitt.

  • Spennande EU-prosjekt: Arts in Education

    Publisert

    - Under paraplyen "Life Long Learning Programme - Erasmus" arbeider Høgskulen i Volda, Avdeling for kulturfag og Internasjonalt kontor for å bli konsortiumsleiar for eit spanande EU-intensivprosjekt med partnarar i Tyrkia, Wales og Latvia, fortel leiar av Internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen.

  • Ny bok i serien Kyrkjefag Profil

    Publisert

    ”Åndene og ånden” er ei bok som reflekterer rundt møtet mellom afrikansk tradisjonell religion og kristen livsforståing. Forfattar Ottar Berge, cand. theol., tidlegare prest og amanuensis i kyrkjefag ved Høgskulen i Volda, er for tida tilknytt Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag.

  • Skuleforskarar ved Statsministeren sitt bord

    Publisert

    Sist veke var dei fremste skuleforskarane i landet kalla inn til samtale med statsministeren og utdanningsministeren. Frå Høgskulen i Volda var professor Peder Haug representert. – Samtalane gjekk konkret på dei utfordringane som norsk skule har i dag, og spesielt i samanheng med debatten på nyåret. (Foto: SMK)

  • Forskningsprosjekt: Ny bok om media og demokrati

    Publisert

    Nettradio-eksperimentet Demostasjon var eit empirisk prosjekt for betre kommunikasjon, gjennomført av tilsette og elevar ved Høgskulen i Volda våren og hausten 2005. Paul Bjerke (bilete) og tidlegare Volda-studentar Jane Elin Brattland og Heidi Fagna er mellom bidragsytarane til den nye boka.

  • Dramastudentane set opp Eit julekvad av Dickens

    Publisert

    Dramastudentane ved Høgskulen i Volda vil i år setje opp ”Eit Julekvad” (A Christmas Carol) av Charles Dickens. - Med oss har vi fått ei gruppe frå musikklinja ved Volda vgs, under leiing av Stein Helge Solstad, melder Marit Ulvund som står for regien.

  • Nytt forskingsprosjekt skal betra lærarutdanninga

    Publisert

    Dei to neste åra skal tilsette ved Høgskulen i Volda studera matematikk- og norskfaget i allmennlærarutdanninga. Oppdraget er ein del av forskingsprosjektet ”Nyutdannede læreres mestring av yrket”, eit arbeid med mål om å betra kvaliteten på lærarutdanninga.

  • Ny bok om Matias Orheim

    Publisert

    I desse dagar kjem Birger Løvlie ut med ei bok om salmediktaren, komponisten og romanforfattaren Matias Orheim (1884-1958) frå Stårheim i Nordfjord. I samband med bokutgjevinga vert det eit eige arrangement på Orheimstunet på Stårheim 10. november kl. 19.