Kurs, konferanser og seminar o.l.

  • Verdsleiande animatør med open forelesing

    Publisert

    – Peter Lord er grunnleggjar og leiar av Aardman Animations, det leiande stop-motion-studioet i verda. Som nytilsett professor i Volda held Lord ei open illustrert tiltredingsforelesning, ei storhending alle animasjonsutdanningar i verda misunner oss, seier dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

  • Lærarprofesjonalitet i møtet med ungdom som strevar

    Publisert

    Denne veka arrangerte Høgskulen i Volda eit seminar for PPU-studentar der ein sette søkelyset på korleis ein som lærar kan møte og hjelpe elevar som av ulike grunnar har det vanskeleg.

  • Godver, guiding og gardsdrift i Hjørundfjorden!

    Publisert

    Sist laurdag gjennomførte studentane på naturguideutdanninga ved Høgskulen i Volda og lokale krefter eit heildags opplegg med guida turar, servering og kveldskonsert I Hjørungfjorden som ein del av Kaarstadfestivalen 2016.

  • Innovasjonscamp 2016

    Publisert

    6. – 7. juni får Høgskulen i Volda besøk av 125 elevar frå Volda vidaregåande skule. I undervisningsopplegget «Innovasjonscamp», eit samarbeid mellom skule og næringsliv, skal dei kome med kreative innspel på korleis høgskulen og studiebygda kan bli meir attraktive.

  • Glimt frå Kaarstadfestivalen

    Publisert

    Kaarstadfestivalen 2016 er godt i gjenge, og i dag kunne ein få med seg ei rekkje konsertar på Rokken og i konsertsalen i Kaarstad-huset. Dei kunstinteresserte kune få med seg utstillingane på Maurtua og i ulike bygg på campus.

  • Nasjonal festkonsert

    Publisert

    Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda byd inn til nasjonal festkonsert i Volda kyrkje 17. mai kl. 1930.

  • Kammermusikkfestivalen: – Årets tema er innovasjon

    Publisert

    – Tema for årets festival er innovasjon, og ein sentral komponist på programmet er Joseph Haydn, ein innovatør som skapte nye musikalske uttrykksformer i overgangen frå barokken til klassisismen, seier fiolinist og kunstnarleg ansvarleg Annar Follesø.

  • – Utløyste noko eg aldri har opplevd før

    Publisert

    Kommuneoverlege Arne Gotteberg skryt av samarbeidet med Høgskulen i Volda omkring fagdagen «Friskliv og meistring i eit endringsperspektiv» fredag, som var fullteikna og vart ein suksess.

  • Festivalkomponisten er klar

    Publisert

    Styreleiar for Sunnmøre kammermusikkfestival Gunnar Stave fortel at arbeidet med årets festival 8. – 10. september 2016 er i godt gjenge. – Programprofilen er på plass og dagens store nyheit er at Glenn Erik Haugland er klar som årets festivalkomponist, seier han.

  • HVO PÅ ESWR-KONFERANSEN I LISBOA

    Publisert

    Ein delegasjon frå Institutt for sosialfag var sist veke på ein internasjonal ESWR-konferanse i Lisboa med over 500 andre deltakarar. Blant den knappe halvparten som fekk antatt såkalla «papers» var Gerd Skjong, Tor-Johan Ekeland, Vidar Myklebust og Randi Bergem ved Høgskulen i Volda.