– Utløyste noko eg aldri har opplevd før

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

134e223f4bed316a279afb7ac4b94edc

Fagdagen var eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal, Sjustjerna (kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta) og Høgskulen i Volda (HVO) og vart heldt i Berte Kanutte store auditorium ved HVO. Der var i underkant av 200 deltakarar samla for ein dag fylt med elleve foredrag som alle på kvar sin måte tok for seg folkehelsa.

Aktiv i regionen

Kommuneoverlege for Volda og Ørsta, Arne Gotteberg, har vore leiar for programkomiteen til fagdagen.

– Dette har gått over all forventning. Det har vore god samhandling mellom høgskulen, helseføretaket og kommunane. Vi har løfta i lag, og det er det som har gjort denne dagen så bra, meiner Gotteberg.

Høgskulen i Volda har ein uttalt ambisjon om å vere ein aktiv aktør i regionen. Bjørn Gunnar Tafjord, representerer Avdeling for samfunnsfag og historie, som saman med Kontor for samfunnskontakt har vore HVOs bidragsytarar inn mot fagdagen. Tafjord ser absolutt nytta av å knyte kontaktar kommune- og helsesektoren.

a0f2a2139827644cf07539611da075dc
Arne Gottberg (t.v.) og Bjørn Gunnar Tafjord var svært godt nøgd med fagdagen ved HVO.

– Det er veldig interessant å vere ein del av eit slikt samarbeid, og det var hyggjeleg å verte invitert inn. Vi har fleire tilsette frå høgskulen som har heldt foredrag i dag. Og ved å vere medarrangør får vi også markert oss. Vi vil vere aktiv i regionen og få i gang gode møteplassar, seier Tafjord.

Alle må bidra

Gotteberg har vore lege i Volda sidan 1980 og også hatt leiarposisjonar i helsesektoren i kommunen. Gjennom eit langt yrkesliv har han opplevd mange ulike konferansar og fagdagar både nasjonalt og lokalt.

– Dagen i dag er fullt på høgde med dei mange nasjonale konferansane eg har vore med på i dei store byane i landet. Den felles satsinga vi har fått til har utløyst noko eg aldri har opplevd her før. Høgskulen er profesjonelle på undervisning og konferansar, dei har lokalar og mykje dyktige folk, skryt kommuneoverlegen.

Fagdagen hadde undertittelen «Tilnærming til viktige folkehelseutfordringar på Søre Sunnmøre. Kven har ansvaret?». På foredragslista folk stod mellom anna personar frå helsesektoren i fylket, rådmenn, ordørar og avisredaktør.

– Vi ønskte at dette skulle handle om folkehelse på eit meir overordna plan, og ikkje eit djupdykk der ein ser på ein spesiell diagnose. Det viktige har vore samhandlinga som skjer i til dømes spesialhelsetenesta og kommunehelsetenesta om læring og meistring. Høgskulen og forskarane har ein stor oppgåve i dette med å lære opp framtidas folk for samfunnet. Det gjeld ikkje berre helsepersonell. Skal ein få til god folkehelse må alle bidra anten ein er rådmann, lærar eller ingeniør, seier Gotteberg.

Del på