Kurs, konferanser og seminar o.l.

  • Open førelesing om arbeidsglede

    Publisert

    Høgskulen i Volda og Sjustjerna omsorg inviterer til ei open førelesing med tema arbeidsglede onsdag 4. februar frå 13.15 til 15.30 ved Høgskulen i Volda, Ivar Aasen-huset, Aasen aud, melder Anne-Sofie Egset ved høgskulen. – Målet er å auke den enkelte arbeidstakar sin personlige effektivitet og kreativitet ved å fokusere på løysingar framfor problem, seier Anne Gerd Samuelsen, som held føredraget.

  • Fleire internasjonale føredragshaldarar til Volda

    Publisert

    I dag held er professor José Enrique López de Coca Castañer frå Universitetet i Malaga førelesingar om dei siste mauriske samfunna i iberisk mellomalder og nasrid-kongedømet i Granada. Fredag kjem professor Anne Bamford frå Universitetet i Wimbeldon for å halda eit føredrag om kunst i skulen, før eventyraren Audun Hetland, kjent frå TV2, kjem tysdag 27. jan. for å inspirere studentar og andre til naturopplevingar og friluftslivseventyr.

  • Rådgjevarseminaret: Forsking på bortval av vidaregåande opplæring

    Publisert

    Eifred Markussen, forskingsleiar for området grunnopplæring ved NIFU STEP, kjem til Volda for å halde innlegg på det årlege rådgjevarseminaret onsdag 14. januar kl 10.00 på Volda turisthotell. Markussen skal snakke om "Bortval av vidaregåande opplæring: Kor mange sluttar, kvifor sluttar dei og kan bortvalet reduserast?". Alle interesserte er velkomne.

  • Rådgjevarsamlinga 2009 onsdag 14. januar

    Publisert

    - Rådgjevarar som jobbar med utdanning og yrkesrettleiing er velkomne til rådgjevarsamlinga i Volda 14. januar 2009, melder Torill Engeseth ved Informasjonskontoret ved Høgskulen i Volda. Den årlege rådgjevarsamlinga vert arrangert som eit samarbeidsprosjekt mellom høgskulane i Molde, Ålesund og Volda.

  • Å skape det gode livet

    Publisert

    - Korleis skal vi løyse framtidas omsorgsutfordringar? Ein ting veit vi: Dei fleste av dei må løysast av dei kommunale helse- og omsorgstenestene, seier tidlegare rektor og no dagleg leiar på Møreforsking, Gunnar Stave. Desse tenestene skal møte behova til eldre menneske, men også til ei veksande gruppe av yngre brukarar. Problemstillinga blir sett lys på onsdag 19. november når Høgskulen i Volda inviterer til dagsseminar om Aktiv omsorg.

  • Sprek opning for Seanse

    Publisert

    Med song og dans av den vidarekomne sorten blei opninga av kunstproduksjonssenteret Seanse markert i helga. Gullstrupane i acappellagruppa BaSix serverte musikk i verdsklasse, mens The Snuff Grinders synte ein herleg miks av maskuline show off-dansar.

  • Forskarkonferanse: Revolusjonen vil ikkje bli kringkasta?

    Publisert

    Høgskulen i Volda arrangerer ein internasjonal forskarkonferanse om forholdet mellom media og protestrørslene i perioden etter 1945. 30 forskarar frå heile verda vil ta del.
    – Konferansen i Volda er ein del av den internasjonale markeringa av 40-årsjubileet for opprørsåret 1968, melder førstelektor Rolf Werenskjold.

  • Høyr og sjå! Audiovisuell språkstimulering i barnehagen

    Publisert

    Eitt av dei sentrale utgangpunkta for prosjektet er den pågåande debatten i kjølvatnet av PISA-undersøkingane, som slår fast at norske born les og skriv dårlegare enn det ein forventar og ønskjer. Det blir seminar om Audiovisuell språkstimulering i barnehagen på Høgskulen i Volda, VIP-rommet, Berte Kanutte-huset tysdag 11. november 11.00 – 17.00.

  • ”Bra mat for betre helse”

    Publisert

    Neste veke er det kosthaldskurs på høgskulen retta mot alle som ønskjer å endre kostvanar. Kurset gir råd om små endringar som kan gi store forbetringar. Møre og Romsdal fylke samarbeider med Helsedirektoratet om å arrangere kurs for nye kursleiarar. Som kursleiar skal ein hjelpe deltakarar til å finne motivasjon til å endre kosthald og gi hjelp for korleis foreta dei sunne vala.

  • Prøvekluten blir permanent kunstproduksjonssenter

    Publisert

    For å markere at kunstproduksjonssenteret Prøvekluten i Volda no blir eit permanent nasjonalt senter, vil det bli heldt eit variert seminar på høgskulen fredag. Kunstformidlar Maria Taube, biletkunstnar Jorun Mulen og teaterregissør Lise Hovik er blant innslaga.