Ulstein kommune er nominert til Kommunal- og moderniseringsdepartementets nasjonale innovasjonspris for 2019. Sentralt er samarbeidet med Høgskulen i Volda om bruk av digitale verktøy og ressursar i undervisninga.
Skal barnehagar markere høgtider? Og kvar går grensa mellom forkynning og informasjon? Høgskulen i Volda arrangerte fagdag for barnehagetilsette og barnehagelærarstudentar for å drøfte nettopp dette.
Høgskulen i Volda er først ut med å få til ein internasjonal konferanse for lærarstudentar etter at regjeringa etterlyste meir internasjonalisering spesielt for denne studentgruppa.
Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø let seg imponere av lærarstudentane ved Høgskulen i Volda og lytta til innspel om internasjonalisering.
Med meir fleksibilitet for studentane og samlingar i Ålesund, Molde og Kristiansund legg Høgskulen i Volda frå hausten 2019 meir til rette for noverande og framtidige lærarar som ønsker å ta praktisk-pedagogisk utdanning.
Deltakarar frå fem europeiske land kjem til Volda når lærarstudentane set digitalisering i utdanning og framtidas klasserom på dagsorden under studentkonferansen It`s Volda.
Med ein bachelorgrad i praktisk-estetiske fag er du kvalifisert til å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Høgskulen i Volda. For Liv Berit Sørhage er det den beste måten å bli lærar på.
Doktoravhandlinga frå Emmy Elizabeth Langøy er oppslag i den nasjonale debatten om spesialpedagogiske tiltak. Resultata viser at dagens tiltak kan gi framtidige vanskar.
Kan bleieskift gjerast til noko pedagogisk og morosamt, både for store og små i barnehagen? Det øver studentane i høgskulen seg på i sitt nye fordjupingsemne.