Lærarutdanninga

  • GRÜNDERCAMP FOR GLU-STUDENTANE

    Publisert

    Studentar på andre året i grunnskulelærarutdanninga har denne veka fått opplæring i organisering og avvikling av programmet Gründercamp. Åtte lokale oppdragsgjevarar gav studentane utfordringar som skulle løysast i løpet av 24 timar.

  • Ny utgåve av Meir!

    Publisert

    Ei ny utgåve av høgskulen sitt magasin Meir! er no tilgjengeleg digitalt.

  • Vil utdanne yrkesfaglærarar i Volda

    Publisert

    – Høgskulen i Volda ønskjer i samarbeid med Høgskolen i Ålesund å opprette eit tilbod for yrkesfaglærarar frå hausten 2015, seier dekan Arne Myklebust ved Avdeling for lærarutdanning ved Høgskulen i Volda. Føresetnaden er at vi får nye studieplassar og midlar til utvikling og planlegging.

  • INTERNASJONALT SAMARBEID OG NY BOK

    Publisert

    Professor Rune Kvalsund ved Institutt for sosialfag har utvikla eit omfattande nettverkt knytt til pedagogisk forsking om skular og oppvekstmiljø i små lokalsamfunn, og han har vore leiar for internasjonale faggrupper som arbeider med slike spørsmål. No er han aktuell med ein artikkel i "Doing educational research in rural settings".

  • Lærarar frå Ørsta tek vidareutdanning i rettleiing

    Publisert

    Inneverande skuleår tek 57 lærarar tilsette i Ørsta kommune vidareutdanninga i rettleiing ved Høgskulen i Volda. Det har nyleg kome statlege krav om at dei som skal vere lærarar for studentar i praksis skal ha slik rettleiingskompetanse, også kalla mentorutdanning.

  • Studer til lærar på deltid

    Publisert

    Høgskulen i Volda tilbyr frå hausten samlings- og nettbasert Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn på deltid. Dette vil i praksis seie at du kan bu kvar som helst medan du tek utdanninga.

  • Rekrutterar til barnehagane

    Publisert

    Barnehagebarn på jakt etter fleire barnehagelærarar! Prosjektet GLØD har som overordna målsetting å styrke dei tilsette i barnehagen sin kompetanse, heve status for arbeid i barnehagen og å auke rekruttering av barnehagelærarar. 2014 er det tredje året med kampanjen «Verdens fineste stilling ledig»

  • Fokus på dysleksi

    Publisert

    Ca 3-5 % av elevane i skulen har dysleksi. 2. og 3. trinn ved grunnskulelærarutdanningane har i dag og i morgon besøk av Åsne Midtbø Aas frå Dysleksi Norge for å få tips om korleis dei kan hjelpe.