Nyhende

  • Joner og Hatlo vitja Drama og teater-studentane

    Publisert

    Torsdag fekk studentane på bachelorgraden i Drama og teater ei overrasking då dei vart vitja av skodespelarane Johannes Joner og Anders Hatlo. Ringrevane delte av sine nyttige erfaringar frå ei rikhaldig karriere, og snakka med interesserte studentar om alt frå livet som skodespelar til iscenesetjing av manus.

  • Studentprosjekt på oppdrag frå maritim bransje

    Publisert

    Tysdag 27. oktober presenterte studentar på informasjon og medieutdanninga sine prosjektresultat for oppdragsgivarar i den maritime sektoren på Sunnmøre.
    – Eg vil karakterisere disse prosjekta som dei beste som har vore levert av infostudentar i Volda, seier fagansvarleg Jan Arne Halvorsen ved AMF.

  • Voldastudenter tar tak i India

    Publisert

    Studiet ”Reportasjearbeid i fremmed kultur" har lokket 12 mediestudenter til "sannhetens land". Studentenes første møte med sitt nye klasserom var hovedstaden Dehli. Under stekende sol, som sjeldent gløtter gjennom den tykke eksos-tåken, ble studentene kjent med noen av Indias kontraster.

  • Seminar: FoU i teori og praksis

    Publisert

    Nynorsksenteret arrangerer seminaret FoU i teori og praksis i Volda og inviterer lærarar og studentar til førelesingar med May Britt Postholm (bilete) og Anne Kristine Øgreid. Seminaret går over to dagar, 22.–23. oktober.

  • New course in English about The Norwegian Welfare State

    Publisert

    ”Introduction to the contemporary welfare state” is a new course offered by the Faculty of Social Sciences and History. – I like this course because of its different topics. The Norwegian welfare system really is the best in Europe, says Erasmus-student, Kataryna Inez Dowczy.

  • ”Mitt hjerte står i Brann”

    Publisert

    Joachim Storvik og Einar Sleire er studentar på vidareutdanning i fjernsynsreportasje og dokumentar, og jaktar på Bergens mest fanatiske Brann-supportar til eit dokumentarfilmprosjekt i oktober.

  • Velkomen til studiestart!

    Publisert

    Studiestart med offisiell opning kl. 12.00 i Berte Kanutte-huset, avdelingsvise orienteringsmøter og Fadderveke. Velkomen alle studentar og tilsette til Høgskulen i Volda!

  • Fin auke for Høgskulen i Volda

    Publisert

    – Høgskulen i Volda (HVO) har hatt ein fin søknadsauke gjennom samordna opptak, kommenterer rektor Jørgen Amdam. Sett i forhold til same tidspunkt i fjor, har vi 11 % fleire tilbod og 5,5 % fleire positive svar. Det har samanheng med auken i førstevalssøkjarar totalt, frå 2809 i 2008 til 3215 i 2009.

  • Velbrukt søk-korps i sommar

    Publisert

    Søkjartala for komande studieår har vore svært positive for høgskulen, og med totalt 3215 førsteprioritetssøkjarar og 2490 tilbod om studieplass, har søk-korpset ved høgskulen opplyst mange informasjonssvoltne søkjarar om alt frå opptaksresultat til søknadsprosedyrer.

  • Første mastergradskandidaten i kulturmøte har levert

    Publisert

    Sissil Brun Sørensen var det første kandidaten som fullførte mastergradsstudiet i kulturmøte ved Høgskulen i Volda. Ho leverte mastergradsoppgåva si sist veke, på normert tid og med flott resultat, melder studiekoordinator Grete-Marry Brøste ved Avdeling for samfunnsfag og historie.