Samfunnsfag

  • Disputerte med fagleg eleganse

    Publisert

    Sist fredag forsvarte Jarle Pedersen doktoravhandlinga " Kamper for anerkjennelse - unge flyktninger i møte med norske lokalsamfunn". Han har dei siste åra vore stipendiat ved Institutt for sosialfag, og er nylig tilsett som 1. amenuensis ved samme institutt, der han skal undervise i fleirkulturelt arbeid.

  • Nettsatsing for journaliststudentane

    Publisert

    Måndag 18. februar starta journaliststudentane ved høgskulen åtte veker internpraksis. Dei to første vekene står nettpublisering på programmet for alle radio-, fjernsyns- og avisstudentane. Stian Fjelldal frå Nettavisen er alt på plass i nettredaksjonen for å vurdera arbeidet deira.

  • Ny bok i serien Kyrkjefag Profil

    Publisert

    ”Åndene og ånden” er ei bok som reflekterer rundt møtet mellom afrikansk tradisjonell religion og kristen livsforståing. Forfattar Ottar Berge, cand. theol., tidlegare prest og amanuensis i kyrkjefag ved Høgskulen i Volda, er for tida tilknytt Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag.

  • Open forelesing om dialog mellom kristne og muslimar

    Publisert

    Idéhistorikaren Anne Veiteberg gjestar onsdag 23/1 Høgskulen i Volda med temaet: “Kultur- og religionsdialog mellom kristne og muslimar. Kvifor er det naudsynt?” Veiteberg har lenge vore oppteken av religionsdialog og global forståing, og ho har arbeidt fleire år i Latin-Amerika og i Midt-Austen.

  • Friskt med FRIOFF. Utvida søknadsfrist til 7. jan. -08

    Publisert

    Avdeling for Samfunnsfag og historie satsar friskt til våren med nok ei runde med studiet FRIOFF- leiing i samspel mellom frivilleg og offentleg. – Til våren vil vi starte opp med to ulike emne på 15 studiepoeng kvar, seier Magnar Hjertenæs, instituttleiar ved Institutt for planlegging og administrasjon. Søknadsfristen er utvida til 7. januar.

  • Pang – start til våren: Kriminalitetsforebygging

    Publisert

    Til våren startar Avdeling for samfunnsfag og historie opp med masteremnet: ”Kriminalitetsforebygging”. Studiet er delt inn i to temablokker og er organisert med tre vekesamlingar der eine veka er ei reise til Swansea, Wales.

  • Ope seminar: Aktiv omsorg

    Publisert

    På torsdag, (22 november), var rundt femti deltakarar samla til seminaret: Aktiv omsorg- kunnskapsgrunnlag og kunnskapsbehov. Foredragshaldarane Tor Johan Eikeland, Marit Botnen og Jan Inge Sørbø innleia til dialog om Stortingsmelding nr. 25- Framtidas omsorgsutfordringar.

  • Volda-studentar på ekskursjon til gründerkommunen Herøy

    Publisert

    "Ei båtlengd føre" er slagordet til Herøy kommune, og det passar godt til studentane frå mastermodulen Regional planlegging og utvikling og frå bachelorutdanninga i planlegging og administrasjon då dei var på ekskursjon til den ambisiøse kommunen.

  • Ekeland og Heggen med lærebok om Meistring og myndiggjering

    Publisert

    Tor-Johan Ekeland og Kåre Heggen frå Høgskulen i Volda er redaktørane bak den nye læreboka ”Meistring og myndiggjering. Reform eller retorikk?” Fleire av fagpersonane ved Avdeling for samfunnsfag og historie som er knytt til mastergradsutdanninga har vore sentrale i arbeidet med boka.

  • Ny pensumbok frå Asbjørn Simonnes

    Publisert

    Førstelektor Asbjørn Simonnes og tidlegare undervisningsleiar ved medieutdanninga i Volda, Gudmund Gjelsten har ført i pennen Fagbokforlaget si lærebok ”Skole og media.” - Vi stiller spørsmålet om korleis verdidualismen i media utviklar identiteten og karakteren til unge, og opnar for at større fokus på mellommenneskeleg kommunikasjon er viktig når ein lærer å bruke media.