Samfunnsfag

  • Ekskursjon til Kleven Maritime

    Publisert

    Bachelor- og masterstudentar frå Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag ved ASH var i går på vitjing i den maritime klyngja i Ulstein, nærare bestemt hos Kleven Maritime. Fokuset for ekskursjonen var regional planlegging og utvikling i praksis.

  • ”Det glemte kjønn”

    Publisert

    Ifølgje Statistisk sentralbyrå er Møre og Romsdal eit av dei minst likestilte fylka i landet. Er det fordi vi som bur her, vel så tradisjonelt? Eller kan noko av forklaringa liggje i det politiske styringssystemet? Marte Synnøve Hanche-Dalseth, tidlegare mastergradsstudent på Samfunnsplanlegging og leiing ved høgskulen, har skrive masteroppgåve om likestillingsarbeidet i Møre og Romsdal.

  • God arbeidsmarknad for barnevernspedagogar og sosionomar

    Publisert

    Arbeidsmarknad for barnevernspedagogar og sosionomar er god. Gjennom NAV er det utlyst 41 stillingar som er relevante for barnevern og 164 stillingar for sosionom. NRK.no melder i dag at kommunar ikkje får nok søkjarar på sine utlyste stillingar. Frå fleire hald vert søkjarar no oppmoda om å satse på desse studia.

  • Vidareutdanning i leiing – inspirasjon og fagleg høg standard

    Publisert

    Vidareutdanning i leiing er eit populært studietilbod, og gir eit godt grunnlag for å søkje til leiarstillingar. Randi Løseth og Ivar Rød har vore studentar på vidareutdanninga dette semesteret, og er samde om at studiet har gitt god teoretisk innsikt i kva det vil seie å vere leiar. Frå før har dei erfaring som leiarar i skulen, og er glade for å ha dette året som ei plattform vidare. - Forelesarane er av fagleg høg standard og bringer dimensjonar inn i lærestoffet, seier Ivar Rød.

  • Studentar med lokalsamfunnsanalyse

    Publisert

    Gjennom feltopphald og studentundersøking i Sande kommune, har studentar frå første året på bachelorstudiet i planlegging og administrasjon utført lokalsamfunnsanalyse. Studentane har sett på dei fire bygdene Gjerdsvika og Gursken, på Sandsøy og Kvamsøy, og har kome fram til fleire interessante poeng.

  • Seminar og utstilling: "Little boy of Hiroshima"

    Publisert

    - For å forstå utvikling, tankesett og samtida i Japan, kan ein ikkje gå utanom påverkinga av atombombene og dei verknader dette har hatt, fortel Tengyo Kura, lærar ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Han er initiativtakar til seminar, konsert og utstilling om Hiroshima ved høgskulen i september. Miyoko Matsubara er ei av dei siste overlevande etter Hiroshima, og ho vil halde eit av foredraga i seminaret.

  • Studentar på jakt etter ”det gode liv” i Spania

    Publisert

    Det er snart eksamen for studentane på masteremnet Livsløp, velferd og planlegging, og praten går laust om viktige livsløpsperspektiv. Nokre av studentane har nett vore på studietur til Alfaz del Pi i Spania, der dei har sett på norsk busetjing, miljø og aktivitet. Studentane skal med utgangspunkt i studieturen levere eit skriftleg arbeid med tema: Nordmenn i Spania – på jakt etter ”det gode liv”.

  • Prosjektet ”Nærbutikkens rolle i lokalsamfunnet” ved Møreforsking

    Publisert

    Prosjektet ”Nærbutikkens rolle i lokalsamfunnet” er gjennomført på oppdrag frå Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkane i regionane (Merkur). Gjennom prosjektet har Møreforsking sett på den rolla nærbutikken har for utviklinga i små samfunn. Studien viser at samspelet mellom butikken, nasjonale aktørar, kommunen og lokalsamfunnet er viktig dersom desse butikkane skal fylle ei rolle som lokal utviklingsaktør.

  • Besøk frå Hawai'i Pacific University i dag

    Publisert

    - I dag onsdag 26. mars får Høgskulen i Volda besøk frå ein av våre eksotiske utvekslingspartnarar, Hawai'i Pacific University, melder Internasjonalt kontor. Lillian Hallstrøm er visedirektør for internasjonale relasjonar, og kjem til Volda for mellom anna å møte studentar og fagmiljø.

  • Lokalt klimaplanprosjekt

    Publisert

    Høgskulen samarbeider i desse dagar med Møreforsking Volda, ENØK- senteret, Tussa Kraft og Volda og Ørsta Reinhaldsverk med å utvikla lokale klimaplanar og eit mastergradsstudium i lokal miljø- og klimaplanlegging. 12. mars møttes prosjektgruppa, med Sveinung Dimmen (bilete) som prosjektleiar, for å planleggja kva som skal skje framover i klimaplanprosjektet.