STiV arbeider no med å få til eit ”studenthus” på campus der alle studentorganisasjonar som ynskjer det, skal få kontor. – Dette er faktisk på initiativ frå HVO, så eg trur dette kjem til å gå bra. Håpet er at ein innan 2010 har ein samlingsplass for organisasjonane som gjer dei lettare tilgjengeleg for studentane, seier leiar i STiV, Ole Martinus Breivik.