Studentliv

  • Volda-studentar på ekskursjon til gründerkommunen Herøy

    Publisert

    "Ei båtlengd føre" er slagordet til Herøy kommune, og det passar godt til studentane frå mastermodulen Regional planlegging og utvikling og frå bachelorutdanninga i planlegging og administrasjon då dei var på ekskursjon til den ambisiøse kommunen.

  • Czech night at Rokken today

    Publisert

    The International Club and Pangaia are very happy to invite you all to celebrate together the Czech Night. Tomorrow, Friday 5th October, from 7.00 p.m., in Rokken, you will be introduced to Czech culture, history and traditions - all these through dance, movies and national cuisine. You are all welcome, invite your friends and prepare yourselves for a great night and lots of fun.

  • Synnøve Hole presenterer media sitt arbeid i krisa

    Publisert

    NRK-journalist Synnøve Hole er innleiar på seminaret ”Krisekommunikasjon i praksis” torsdag 4.10 denne veka. Seminaret handlar om å planlegge for og evaluere etter ein krisesituasjon, og brukar Bourbon Dolhpin-ulykka som utgangspunkt. Ho vil presentere den første rapporten som var sendt i Kveldsnytt og dei første timane etter ulykka.

  • Halvorsen sin dokumentar kåra til beste nordiske

    Publisert

    Line Halvorsen sin film USA mot Al-Arian vart kåra til beste nordiske dokumentarfilm medan kortfilmen Kompisar av Magnus Mork mottok SF's Nordic Talent Award under Nordisk Panorama. Line Halvorsen er tidlegare student ved fjernsyn- og dokumentarfilmstudiet ved Høgskulen i Volda.

  • Open førelesing med Egil Johan Ree

    Publisert

    I samband med programmet for Internasjonal Mediehistorie held Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda ei open førelesing der Egil Johan Ree vil ha eit foredrag om Mai-opprøret i Frankrike 1968, og hans perspektiv på utanriksjournalistikken. Førelesinga går fredag 28.9 kl. 12.15.

  • Miniseminar i Volda: ”Krisekommunikasjon i praksis”

    Publisert

    Torsdag 4. oktober vert det arrangert eit miniseminar med tittelen ”Krisekommunikasjon i praksis" ved Høgskulen i Volda. Arrangementet er eit samarbeid mellom Kommunikasjonsforeningen Møre og Romsdal og Informasjonsutdanninga ved Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda.

  • STiV-valresultata klare

    Publisert

    Då valurnene vart stengt tysdag hadde alle kandidatar fått røyster. Her er dei som vart valde inn sortert etter kva avdeling dei representerer.

  • Internasjonalt møte på Pangaia i morgon, 26.9

    Publisert

    Den 26. sept. kan alle som er interesserte i utanlandsopphald møte opp på Pangaia, melder leiar for Internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen. – Det er mange nye moglegheiter for både studentar og andre. Etter ei stor internasjonal utdanningskonferanse i Trondheim denne veka har enno fleire internasjonale utdanningsinstitusjonar vist interesse for Høgskulen i Volda.

  • Allsidige Forskingsdagar i Volda

    Publisert

    Forskingsdagane er ein nasjonal festival som vil skape begeistring og forståing for forsking. Frå 21. til 30. september vil det vere arrangementet over heile landet, og 12 av desse vil finne stad i Volda og omegn. Vi trur dei fleste vil finne noko som interesserer dei. Alle arrangementa er gratis.