Studentliv

  • Planlegg kulturutveksling med universitet i Tyrkia

    Publisert

    Siste veka har Volda hatt besøk frå verdas nest største universitet, Anadolu universitet i Eskesehir i Tyrkia. Professorane Aysegul Ozen fra kunst- og handverk, professor Nezi Orhon frå media og animasjon/film og professor Ficret Ucar frå media og kommunikasjon er fulle av lovord over Høgskulen i Volda.

  • Media, IKT og designstudentar viser web-TV live no

    Publisert

    Frå kl. 15.00 i dag viser studentar frå Bachelorgradstudiet i Media, IKT og design web-TV frå studio som dei har bygt opp i prosjektroma sine. Studentane har laga ei eiga nettside som de kan fylgje no:<br><a href="http://mkt.hivolda.no/" target="blank">LIVE STREAM</a>

  • Hungarian night on Rokken

    Publisert

    The International Club and Pangaia are happy to invite and welcome you to Hungarian night. As a part of the International weeks of Volda kommune, this night will be unforgettable. You can taste the famous gulasch or feel, hear and try out this culture, you are welcome to Rokken, Friday 26th of October, at 19.00 hrs.

  • Nytt dokfilmstyre i sving

    Publisert

    - Me er ein motivert gjeng som vil gjera alt for å laga ein så bra festival som mogeleg, seier ny leiar for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen Åge Andre Breivik. Elleve engasjerte studentar ved Høgskulen står no i spissen for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 08. Etter tre møter er dei alt godt i gang med planlegginga av den tolvte festivalen i Volda, som vil gå av stabelen frå 29. april til 4. mai 2008.

  • Arbeidslivet vil ha Erasmus-studentar

    Publisert

    Erasmus-programmet, som er EU sitt program for høgare utdanning, kan vere ein døropnar til arbeidslivet. Professor Ulrich Teichler frå universitetet i Kasel, er medforfattar til ein ny studie om verdien av Erasmus når du skal starte på arbeidskarrieren. Studiet viser nemleg at dei erfaringane du gjer deg som Erasmus-student er etterspurt av mange arbeidsplassar.

  • Seminar om menneskerettar og journalistikk

    Publisert

    Laurdag 20. oktober kjem Amnesty til Volda for å ha eit seminar om menneskerettar og journalistikk, og då særleg relatert til OL i Kina. Arrangementet vert halde på Rokken frå klokka 10.00 og er ope for alle. Utanrikskorrespondent Phillip Lote vil vere ein av innleiarane.

  • Historisk institutt på ekskursjon til Edinburgh

    Publisert

    Historisk institutt var på ekskursjon til Edinburg i veke 41. Føremålet med besøket var først og fremst å sette seg inn i, og etablere kontaktar for studentutveksling med fagmiljø i Skottland for studentar som tek mastergraden i kulturmøte ved HVO. Men det vart òg lagt planar for samarbeid om det strategiske høgskuleprosjektet "Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder".

  • Denne veka er det karrieredagar i Møre og Romsdal

    Publisert

    Høgskulen i Volda tek del på Karriererettleiingsdagar i Ålesund og Kristiansund 15. – 19. oktober. - Her får elevane vere med å lage ei forenkla fjernsynssending. Dei får presentert eit tenkt tilfelle der ein elev skal vere programleiar og den andre intervjuobjekt, seier Pål Aam.

  • Mediterranean night at Rokken on Friday

    Publisert

    The international club and Pangaia are following up the success with International nights at Rokken, and this Friday a mediterranean breeze comes over Volda.

  • Destinasjon Utanland

    Publisert

    For nokre handlar ikkje haustsemesteret om mørketid og vinternatt. For nokre handlar det om ei fire månadar lang kulturreise i Asia og Australia. Tilbodet Austral-asiatiske kulturstudiar er unikt for Høgskulen og passar inn i fleire bachelorgrader. Frå reisebrevet er dette ei opplevingsreise dei seint vil gløyma. Totalt sende Høgskulen nærare 150 studentar ut i verda.