Studentliv

  • Videovisning og kåring av elevane sin Oscar

    Publisert

    Siste to vekene har studentar frå Media, IKT og design ved Høgskulen vore instruktørar i videoproduksjon for 6. klasse ved Bratteberg skule. Fredag 27.4 viser dei video sine, og publikum er inviterte til å sjå og stemma på beste film.<br>Møt opp i Store auditorium kl. 10.30.

  • Active International Club in Volda

    Publisert

    International Club organised a free trip for the 30 Erasmus- and Erasmus Link-students to Bjørkedalen last weekend. The students have been working hard for the last two semesters for the club and for the international meeting point Pangaia, and they really deserved a trip.

  • Pris for studentfilm på Miminalen filmfestival

    Publisert

    Dokumentarfilmen 'Frokost' av Arnt Ivar Tilset fekk prisen for 'beste tekniske løysing' under korfilmfestivalen Minimalen i Trondheim i helga. Han laga filmen medan han var student på fjernsynsreportasje- og dokumentarfilmstudiet i Volda i fjor.

  • Merkesteinane og HVO klare for Garsar film og kulturfestiaval i Litauen

    Publisert

    Ein felles delegasjon frå Merkesteinane og Høgskulen i Volda reiser til Litauen 19. april. Målet elles med turen er å ta del i Garsas Film og Kulturfestival i byen Panyvesis. Å orientere om drifta til Merkesteinane og tilboda ved Høgskulen i Volda vert også viktig for delegasjonen. I tillegg skal ein vitje dagsenteret i Panevesys for funksjonshindra.

  • ASF søkjer fredskorpsarbeidar til nytt Kenya-prosjekt

    Publisert

    Høgskulen i Volda har inngått ein partnarskapsavtale med Fredskorpset om utveksling av 2 deltakarar frå Volda til Nairobi i Kenya og 2 deltakarar frå Nairobi til Volda. - I denne samanhengen etterlyser vi no personar mellom 22 – 35 år som vil reise, fortel prosjektansvarleg i Volda, Ingun Klepp.

  • Dokfilm etterlyser husrom og ledige overnattingsplassar

    Publisert

    - Den Norske Dokumentarfilmfestivalen brakar laust 24. til 29. april. No etterlyser vi folk som kan leige eller låne ut eit rom eller ei seng til langvegsfarande gjestar, og minner om at det kan vere ein slant å hente for dei med litt ekstra hjarterom og slunken lommebok, melder informasjonsansvarleg Christoffer Steen.

  • Seminar for studentar om eksamensstress

    Publisert

    I morgon, onsdag 18. april, kl 12.15 inviterer studentrådgjevaren ved Høgskulen i Volda, Ann-Iren Høgalmen og PPU-tillitsvalt, Henning Frode Dispen studentar til seminar om eksamensstressmeistring.

  • Nyvalgt studentleder med fortid i Volda

    Publisert

    Tidliger voldastudent Olav Øye er valgt til ny leder av Studentenes Landsforbund (StL). Han får med seg fire andre styremedlemmer som alle har bred erfaring fra nasjonal og lokal studentpolitikk.

  • Fokus på inkluderande læringsmiljø på HVO

    Publisert

    Læringsmiljøutvalet ved Høgskulen i Volda og Studenttinget i Volda samarbeidar detet semesteret for å kartlegge eventuelle fysiske utfordringar for dei ulike typar brukarar. - Høgskulen i Volda er ein flott høgskule, med mange utdanningstilbod, og eit sterkt og fargerikt studentmiljø. Med denne kartlegginga ynsker vi å gjere ein svært god skule til ein fantastisk skule for alle!, seier Henning Frode Dispen i Læringsmiljøutvalet ved HVO.