Studentliv

  • - Studentane vil involverast i forskinga

    Publisert

    - No må utdanningsinstitusjonane yte ein innsats for å inkludere studentar i forsking, seier nestleiar i Studenttinget i Volda, Marit Johanne Monseth (23). Studenttinget i Volda er med i Operasjon Forsking, ei landsomfattande kampanje frå Studentenes Landsforbund (Stl) om inkluderande forsking.

  • Ny leiar i STIV: Kjetil Sildnes

    Publisert

    Den nye leiaren i Studenttinget i Volda går andre året på allmennlærarutdanninga. – No er det viktig å få på plass ny nestleiar, velferdsansvarleg og vev- og informasjonsleiar. Alle som kan tenkje seg å ha desse verva må kontakte STIV-kontoret i Berte Kanutte-huset snarast. Styret har høve til å peike ut kandidatar, men desse må godkjennast i studenttinget, seier Kjetil Sildnes.

  • Norsk studentradio heile døgnet

    Publisert

    Torsdag denne veka feirar Studentradioen i Volda seg sjølve og Studentradioene.no med show på Rokken. - Vi feirar samarbeidet mellom sju studentradioar i heile Noreg som no skal sende nettradio heile døgnet, heile året, fortel radiosjefen i Volda, Sissel Kvalvik.

  • Til Volda: Sizzle Ohtaka and the Masahiro Saeki Band

    Publisert

    Sizzle Ohtaka er ei av Japans store songstjerner. Søndag 29. januar held ho konsert saman med fem japanske musikarar med røter i asiatisk folkemusikk på Rokken. Musikarane Masahiro Saeki (japanske tradisjonelle strengeinstrument) og Yayomi Imori (vokal) har vore her før. Høgskulen i Volda har hatt kontakt med Masahiro Saeki frå Hiroshima i mange år. Han er den som tek imot studentane våre på Austral-Asia kulturstudium i Hiroshima. For andre gong kjem han no på kombinert ferie/spelejobb til Volda.

  • Neste veke startar billettsalet til Veka-06

    Publisert

    - Billettsalet til Veka-06 startar måndag 30. januar, og fredag 3. februar brakar revypremiera laus. Mykje av programmet er klart, og alt skal dekkast i dei ulike vekemedia. Dei som vil jobbe der, må ta kontakt for å vere med, melder vekesjef Irene Margrethe Løvoll.

  • Fagseminar i Kommunikasjon og presentasjon for studentar

    Publisert

    Måndag 30. januar får studentar ved Høgskulen i Volda igjen høve til å få med seg eit spennande og nyttig fagseminar i Kommunikasjon og presentasjon under leiing av Marit Ulvund frå Dramaseksjonen ved Høgskulen.

  • Studentradiobussen er komen til Volda

    Publisert

    - Det blir skikkelig baluba! Men kan jeg sove på sofaen din, spør Martin Jahr. Han og studentradiofolk fra Halden, Oslo, Stavanger, Molde og Bergen er i Volda fra i dag i egen buss for å feire et nytt nettbasert studentradiosamarbeid – studentradioene.no.

  • Lyst til å skrive i Peikestokken?

    Publisert

    - No er vi ute etter meir folk, fortel redaktøren i Peikestokken, Øystein Eian (22). Han er no i ferd med å troppe saman redaksjonen til vårsemesteret, og oppfordrar studentar frå andre studium enn journalistikk til å vere med.

  • Volum filmklubb er i gang igjen

    Publisert

    Volum filmklubb er i gang igjen, og innvier det nye året med visning av en skikkelig godbit for musikkelskere. De viser The Rolling Stones Rock’n Roll Circus på Rokken tirsdag 24.1 kl. 20.00.

  • Utanlandsprofilering av norsk høgre utdanning

    Publisert

    Bjørn Sandnes og Svein Lang frå Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU), besøkte onsdag Høgskulen i Volda for å presentere sitt forslag til utanlandsprofilering av norsk høgre utdanning. – Informasjon er viktig, men skal vi lukkast ute må både Noreg og dei ulike utdanningsinstitusjonane framstå med ein tydeleg profil, sa Svein Lang.