Studentliv

  • Konsert med Høgskulekoret laurdag og søndag

    Publisert

    - Det er songar frå film og scene som står på repertoaret til helga, fortel dirigent og høgskulelektor Leif Barmen. Med eige band og solistar frå musikkmiljøet ved Høgskulen i Volda arrangerer Høgskulekoret konsert både laurdag 11. og søndag 12. mars kl. 18.00 i Henrik Kaarstad-huset.

  • Forskingsprisen er oppretta i voldamiljøet

    Publisert

    - Det føregår mykje spennande FoU-arbeid av høg kvalitet i voldamiljøet, og dette vil vi løfte fram og synleggjere, melder FoU-leiar Reidun Høydal. No har Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda oppretta ein FoU-pris på kr 30.000 for enkeltperson og kr 50.000 for eit fagmiljø.

  • Eksamensfilm frå HVO vart suksess

    Publisert

    Torsdag 2. mars vert filmen "Mitt elskede barn" vist på Volda filmteater kl. 18.00 med regissøren tilstades. Denne filmen er ein utvida versjon av Brit Jorunn Hundsnes sin eksamenfilm ved Høgskulen i Volda. Filmen har fått ei rekkje internasjonale filmprisar.

  • Vellukka studietur til Swansea, Wales

    Publisert

    Ei gruppe studentar på mastermodulen "Kriminalitetsførebygging i eit samfunnsplanleggingsperspektiv" var på studietur til University of Wales i Swansea. Dette universitetet er kjent for å vere mellom dei beste innan kriminologi, og det er tredje året Høgskulen i Volda nyttar Swansea som ekskursjonsmål.

  • Berserkmannskapet med kaptein Jarle og Alex Rosén til Volda

    Publisert

    Torsdag 23. februar kjem Jarle Andhøy og Alex Rosén til Volda for å overbringe røvarhistorier og forskingsmateriale frå Berserkekspedisjonen. Du kan møta dei og få signert den nye boka ”Berserk til Valhall” på Gnist ved Høgskulen i Volda kl. 15.00. Etterpå får du oppleve multimediashowet deira på Rokken kl. 20.00.

  • Austral-Asiatiske kulturstudier - utvida søknadsfrist til 12. mars

    Publisert

    Austral-Asiatiske kulturstudier er kanskje Norges sprekeste studietilbud, og det er forbeholdt bare deg som studerer ved Høgskulen i Volda (HVO). Du må ha tatt minst 60 stp. ved HVO før du reiser ut. Studiet passer inn i de fleste bachelorgradene ved høgskulen, og er et samarbeid mellom HVO og Griffith University i Brisbane.

  • Sosionomstudentar i gruppesamtalar med niandeklassingar

    Publisert

    - Dette er ein ganske tøff, men realistisk smakebit på sosialt arbeid med ungdom, kommenterer sosionomstudent Oddvar Rieve (27). Denne veka har studentane hatt gruppesamtalar med over hundre niandeklassingar om spørsmål som ikkje alltid er så populært å prate med andre vaksne om, til dømes alkohol, narkotika og tobakk.

  • Samlande internasjonalt miljø i Volda

    Publisert

    Imponerande mange nasjonar var representert då den internasjonale dagen arrangert av Høgskulen i Volda på onsdag denne veka. Det er tydeleg at både Høgskulemiljøet/studentmiljøet og Volda-samfunnet har lært seg å leve saman med og akseptere eit "fargerikt fellesskap", slik ein kan oppleve det her i Volda. Dei som møtest her, har forstått at ein i 2006 må vere saman - også for å løyse konflkter og ulike problem.

  • International day kicks off this week

    Publisert

    - The famous Turkish artist, Aydin Ayan, will take part in the International day-events at Volda University College this week. He is bringing along 20 of his works, and will have an exhibition at Rokken from 8th until 10th of February. It is open to everyone, informs international coordinator Cecilie Wilhelmsen.

  • Yksnøya på radio førstkomande søndag

    Publisert

    - Friluftsliv og kroppsøving sin friluftsbase på Yksnøya skal vere eit av temaa i "Naturens Verden" på NRK P1 førstkomande søndag. Høgskulen i Volda har bygt opp ein unik base der studentar og tilsette studerer natur og friluftsliv på nært hald.