Studentsørvis

  • Innovasjonscamp 2016

    Publisert

    6. – 7. juni får Høgskulen i Volda besøk av 125 elevar frå Volda vidaregåande skule. I undervisningsopplegget «Innovasjonscamp», eit samarbeid mellom skule og næringsliv, skal dei kome med kreative innspel på korleis høgskulen og studiebygda kan bli meir attraktive.

  • Glimt frå Kaarstadfestivalen

    Publisert

    Kaarstadfestivalen 2016 er godt i gjenge, og i dag kunne ein få med seg ei rekkje konsertar på Rokken og i konsertsalen i Kaarstad-huset. Dei kunstinteresserte kune få med seg utstillingane på Maurtua og i ulike bygg på campus.

  • Urpremiere på nytt skodespel

    Publisert

    Søndag 29. mai og måndag 30. mai kan publikum oppleve den nyskrivne krimkomedia av Vibeke Preus Bech på Studenthuset Rokken.

  • Festival med eit breitt spekter av opplevingar

    Publisert

    I sitt andre år utvidar Kaarstadfestivalen programmet betydeleg og byr i år på alt frå humoristisk forteljarteater, konsertar i ulike sjangrar og kunst- og fotoutstillingar til guida naturopplevingar.

  • Nasjonal festkonsert

    Publisert

    Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda byd inn til nasjonal festkonsert i Volda kyrkje 17. mai kl. 1930.

  • VANN IPAD

    Publisert

    I samband med val av studentrepresentantar til høgskulestyret 25.-29. april, vart det trekt ut ein heldig vinnar av dei som var med på å stemme. Heile 528 studentar gav si stemme, og fredag 13.05 fekk Erasmus-student Patrick Schuster overrekt premien av direktør Jacob Kjøde og leiaren i valstyret, Mona-Cesilie Andersen.

  • Rotevatn blir ny dekan ved Avdeling for mediefag

    Publisert

    Audhild G. Rotevatn (40) er tilsett som ny dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Rotevatn arbeider no som redaktør og dagleg leiar i Allkunne, men tek til ved Høgskulen i Volda 1. september 2016.

  • Nye studentrepresentantar til Høgskulestyret er valt

    Publisert

    Fredag 29/4 vart valet av studentrepresentantar avslutta. Mari Stavdal og Nikolai Hannevik Nordlid vil representere studentane sine interesser i Høgskulestyret det komande året. Personleg vara for desse er Silje Brekka og Tormod Daae Smedsvig.

  • – Om du vil vere med å påverke – still til val

    Publisert

    Onsdag 27. april held Studenttinget i Volda val for arbeidsutvalet. Noverande leiar, Karoline Strand, meiner dette er ein unik sjanse for studentar til å få oppleve mykje moro og samstundes skaffe seg viktig erfaring.

  • Einaste i landet med markant framgang

    Publisert

    Søkartala til Journalistikkutdanninga i Volda går imot nedgangen dei siste åra og den nasjonale trenden i år. – Det er interessant å sjå at vi er meir populære enn fleire av storbyane, seier dekan Pål Aam.