Studentsørvis

  • Kald studenthybel? Gi tilbakemelding til SfS.

    Publisert

    Bur du på ein av studentbustadane til SfS med låg innetemperatur? Studentsamskipnaden oppmodar om å gi tilbakemelding. -Sjølvsagt skal ikkje nokon fryse og vi har sett inn tiltak, seier bustadsjef Bente Holvik.

  • – Forsiktig i fjellet!

    Publisert

    Det ser flott ut i Sunnmørsfjella for tida. Endeleg er her snø til å sleppe seg laus på ski! Men tilhøva i høgda er langt frå trygge, melder Ola Einang frå Seksjon for idrett og friluftsliv.

  • Vil du bli PR-ansvarleg på Rokken?

    Publisert

    Ein av dei mest spanande jobbane i Volda er ledig. Vi søker etter ein dyktig medarbeidar til det frivillige arbeidet som PR-sjef ved studenthuset Rokken.

  • Ny bok om Yksnøya

    Publisert

    Høgskulektor Frode Sætre frå Seksjon for idrett og friluftsliv har gjennom intervju og anna kartlegging samla kunnskap om livet på Yksnøya. Resultatet er boka "Yksnøya - liv og sjøliv".

  • Fatty Sunroad på Viva Volda

    Publisert

    Lørdag 12. Desember spiller Voldastudentene i Fatty Sunroad jula inn på Viva Volda. Bandet er en merkelig, men underholdende blanding av musikere, toppet med en headbangende og tamburinspillende kordame. Det blir både sjarmerende og moro.

  • Unik eksamensutstilling og ny blogg om verdsarven

    Publisert

    I det nye studiet World Heritage – Geirangerfjord, presenterer norske og utanlandske studentar spennande og alternative eksamensformer. Anne Birgit Aga and Gwen Nickolaychuk er to av kandidatane som har ei eiga eksamensutstilling der dei spør om du bryr deg om verdsarven.

  • Bachelorkonsert i musikk: Improvisasjon med vibrafon

    Publisert

    Magnus Bugge studerer siste året på Bachlorgradsstudiet i musikk, og held sin eksamenskonsert Vertigo, på Rokken tysdag 8. desember kl. 19.00. Vibrafon er eit stort melodisk slagverksinstrument, og på konserten vil Magnus improvisere ut frå kun små skisser som er skrivne på førehand.

  • Kan du vere kamel? Bjørn? Elefant? Pingvin? Krokodille?

    Publisert

    Nordubb Studio her i Volda søkjer stemmer til Ville Vilde. Dette er ein animasjonsserie som skal gå på NRK1 og NRKSuper, og dei treng både lyse og mørke mannstemmer til ei krokodille, fleire pingvinar og elefantar, ein bjørn og ein kamel, fortel Jan Terje Eidset frå Nordubb.

  • Symfoniorkesteret og høgskulekoret med årets adventskonsert

    Publisert

    Den tradisjonsrike adventskonserten som høgskulen kvart år arrangerer i Volda kyrkje, går av stabelen komande torsdag 3. des. kl. 19.00. Konserten får innslag ved eit eige brassband, studentsolistar og stor spennvidde i repertoaret, melder Henny Koppen ved musikkseksjonen.