Studentsørvis

  • Norges sprekaste studietilbod

    Publisert

    I samarbeid med Griffith University i Brisbane tilbyr Høgskulen i Volda Norges kanskje sprekaste studietilbod. AA-studiet tek deg til Australia og Vietnam og gir deg lærdom om australsk og asiatisk kultur.

  • Lektor i manus-finale

    Publisert

    Vibeke Preus Bech, lektor i drama og teater ved Høgskulen i Volda, er blant dei tre finalistane i Norsk teaterråd si manuskonkurranse 2012. Med manuset «Rom rives» utpeika ho seg, og er no med i kampen om Årets manus.

  • Adventskonsert

    Publisert

    Torsdag 29. november klokka 19.00 arrangerer Høgskulen i Volda den årlege adventskonserten i Volda kyrkje.

  • Nytt masterstudium for lærarar

    Publisert

    Frå hausten 2013 kan Høgskulen i Volda tilby ein splitter ny master: Master i undervisning og læring. – Den nye masteren gir høve til spesialisering innan spesialpedagogikk, norsk eller matematikk. For første gong kan vi dermed tilby ei utdanning for lærarar på toppnivå også innan skulefaga, seier professor i pedagogikk, Peder Haug.

  • Lyrikk og musikk

    Publisert

    Torsdag 29. november inviterer Høgskulen i Volda studentar, omsorgsarbeidarar, pårørande og andre interesserte til tema om lyrikk og musikk.

  • Fadderveka søker vekestyre

    Publisert

    Studenttinget søker engasjerte studenter som vil være med på å forme et av de beste arrangementene i Volda – Fadderveka. Søknadsfrist er 3. desember - søk da vel.

  • Studentkortbilete blir lagt inn i Fronter

    Publisert

    Bileta som er tatt i samband med studentkort vil bli no lagt inn i Fronter. Det gjer at førelesarar og studentar kan sjå bilda til «sine» studentar og medstudentar. Om du ikkje ynskjer at ditt bilde vert publisert i Fronter, kan du reservere deg ved å melde frå til Studentsørvis på telefon eller e-post innan 2. desember.

  • Teaterframsyning på Kaarstad

    Publisert

    19, 20. og 21. november skal teaterstudentane ved Høgskulen i Volda framføre teaterframsyninga "Den innbilt syke", fritt etter Jean-Baptiste Poquelin, betre kjent som Molière.

  • Vellukka rettleiarseminar i Kenya

    Publisert

    5. og 6. november 2012 arrangerte Institutt for sosialfag, i samarbeid med partnarorganisasjonen Child Welfare Society of Kenya, rettleiarseminar og workshop i byen Nakuru, Kenya.

  • Mitt liv som Erasmus student ved Latvian Academy of Music i Riga

    Publisert

    Det største utbytte eg hadde frå opphaldet mitt utanom trompetspelinga, var nettverket som eg fekk der. Det krev ein del av en sjølv om ein skal få noko ut av opphaldet. Det er ingen som legg til rette for oss, men om ein har eit ope sinn, ein klar plan på kva ein vil, så vil det opne dører inn i framtida.