For tilsette

  • Kvinnelege røyster i 100 år

    Publisert

    I 2013 er det 100 år sidan kvinner i Noreg fekk røysterett på lik linje med menn. Laurdag 8. juni, kl. 13-16, markerer Historisk foreining Nordvestlandet og Møre og Romsdal fylkeskommune røysterettsjubiléet ved å arrangere eit seminar som tek føre seg kvinner som samfunnsaktørar i eit historisk perspektiv.

  • Europeiske forskingsmidlar til topprangert prosjekt

    Publisert

    For første gong har HVO lukkast med ein søknad om europeiske forskingsmidlar. Marie Nedregotten Sørbø har saman med kollegaer i fire andre land fått tilslag på prosjektet Travelling Texts.

  • Gert Biesta til seminar i Volda

    Publisert

    Ein av dei leiande internasjonale kapasitetane innan utdanning og pedagogikk, Gert Biesta, kjem til HVO den 19. juni for å halde foredrag om utdanning og relasjonar, med spesiell fokus på kommunikasjon, tale og undervisning.

  • Kunnskap i vekst

    Publisert

    Ein inspirerande, ærleg og personleg næringslivskonferanse om menneske og verksemder i regionen som har valt å gå sine eigne vegar. 29. mai i Store auditorium i Berte Kanutte-bygget på Høgskulen i Volda. Konferansen er gratis for studentar.

  • PhD-stipendiat gjev mogelegheit for Volda-retur

    Publisert

    Onsdag 22.mai var det informasjonsmøte om dei åtte utlyste PhD-stipendiata ved høgskulen. Ein av dei frammøtte var Ellen Strøm Synnevåg, som ser eit PhD-stipendiat som ei mogelegheit for å kanskje flytte attende til Volda.

  • Danning i romsdalsbarnehagene – om det å være menneske

    Publisert

    Ny formålsparagraf for barnehage har aktualisert omgrepet danning. Kunnskapsnett Romsdal v/kompetansegruppe barnehage sette i juni 2012 i verk eit prosjekt der ein jobbar prosessuelt og haldningsmessig med danning som tema.

  • Flinke studentar ved HVO

    Publisert

    60,4 % av bachelorstudentane ved Høgskulen i Volda fullfører på normert tid. Dette gjer studentane ved høgskulen til dei nest flinkaste i landet.