Korona – status og råd til studentar og tilsette

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Oppdatert 19.03.20: Høgskulen har vedtatt ei mellombels forskrift om studium og eksamen. Forskrifta gjev fagmiljøa moglegheit til å tilpasse undervisning og eksamensform og sikrar studentane sine rettar med tanke på situasjonen vi no er i.  

Oppdatert 17.03.20: Kriseleiinga på HVO har bestemt at alle eksamenar som krev fysisk frammøte (til dømes skriftleg skuleeksamen, munnleg eksamen) skal endrast til alternative digitale eksamensformer. Som ein konsekvens av dette vert også all undervising gjennomført digitalt resten av semesteret. Dette kan også medføre ei justering av tidspunkt for eksamen. Oversikt over desse alternative eksamensformer og eventuelt justering av tidspunkt vil vere på plass 30. mars.

Oppdatert 16.03.20: Høgskulen tilrår alle våre studentar på utveksling i utlandet om å anten reise heim straks eller vere budd på å bli i vertslandet til Korona-krisa er over. Les meir under Reiser og karantene lenger nede på sida.
 

Informasjon om undervisning, frammøte, fråvær og eksamen

  • Alle eksamenar som krev fysisk frammøte (til dømes skriftleg skuleeksamen, munnleg eksamen) skal endrast til alternative digitale eksamensformer. Som ein konsekvens av dette vert også all undervising gjennomført digitalt resten av semesteret. Dette kan også medføre ei justering av tidspunkt for eksamen. Oversikt over desse alternative eksamensformer og eventuelt justering av tidspunkt vil vere på plass 30. mars
  • Høgskulen har vedtatt ei mellombels forskrift om studium og eksamen. Forskrifta gjev fagmiljøa moglegheit til å tilpasse undervisning og eksamensform og sikrar studentane sine rettar med tanke på situasjonen vi no er i
  • Alle tilsette ved HVO skal jobbe heimanfrå. Unntaket gjeld tilsette i kritiske funksjonar
  • Styresmaktene har bestemt at alle universitet og høgskular skal stengast frå torsdag 12. mars kl. 18.00. Det betyr at studentar ikkje skal opphalde seg på campus. Studentkorta gir ikkje lenger tilgang til husa på campus.
  • All undervisning på høgskuleområdet er avlyst frå og med 12. mars, og vert erstatta med alternative undervisningsformer så fort som råd. Følg med i Canvas! Nettundervisning går som planlagt
  • Sjukemelding er ikkje naudsynt ved fråvær. Dette gjeld for heile vårsemesteret 2020
  • Sentralbordet vil i perioden 17.- 26.3.2020 vere ope mellom 09.00 – 15.45

Reiser og karantene

  • Høgskulen tilrår alle våre studentar på utveksling i utlandet om å anten reise heim straks eller vere budd på å bli i vertslandet til Korona-krisa er over. 14. mars bad UD alle nordmenn på reise i utlandet om å vurdere å reise heim. HVO kan ikkje pålegge utvekslingsstudentane våre å reise heim, men vil streke under at dette reiserådet er eit kraftig signal frå UD. Utvekslingsstudentane våre må ta med i vurderinga at situasjonen kan vare. Ein kan risikere å ikkje kunne returnere som planlagt ved slutten av semesteret, men må bli i vertslandet ein stund til. Situasjonen utviklar seg raskt, grenser vert stengde og flyavgangar kansellert, og HVO ber utvekslingsstudentane om å ikkje utsetje avgjerda om ein skal reise heim eller ei. Sjå UDs reiseråd.
  • Alle tenestereiser er avlyst inntil vidare.
  • Studentar som er eller skal på utveksling i utlandet kan ta kontakt med Internasjonalt kontor for informasjon.
  • Studentar som kjem frå utlandet skal i karantene, og må med tanke på smittefare vurdere om dei skal reise til Volda eller reise heim.
  • Informasjon om praksis vil kome frå avdelingane.
  • Alle som har vore i område med utbreidt smitte skal halde seg heime i 14 dagar, uavhengig av om dei har symptom 
  • Usikker på om du bør vere heime? Sjå oppdatert råd på helsenorge.no for karantene og isolasjon

Tiltak ved Høgskulen i Volda

Sjølv om høgskuleområdet er stengt, vil vi framleis vere tilgjengelege via digitale kanalar.

Dette bør du gjere

Følg allmenne råd og hald deg oppdatert.

Treng du nokon å snakke med?

Studentrådgjevar og psykologhelsetenesta held fram med samtalar. Det vil frå no foregå via telefon, e-post og skype.

  • Studentrådgjevar, Eli Anne Løksa, er tilgjengeleg mandag til fredag 08.00 – 15.30. Ta kontakt på mobiltlf.: 992 37 980 eller epost: eli@sivolda.no.
  • Psykolog. For dei som allereie går til samtale med psykolog, ta kontakt med din psykolog for å få avklart korleis samtalane vidare skal organiserast. Psykologtenesta er koordinert av psykologspesialist Vidar Myklebust. Treng du hjelp eller informasjon vedkomande tenesta ta kontakt med han på mobiltlf.: 996 36 923 eller e-post: vm@hivolda.no.

Andre kontakttelefonar, som ikkje er organisert av Studentsamskipnaden, er:

  • Studentombod, Kjersti Brevik Møller, mobiltlf.: 458 47 150.
  • Studentprest, Kristian Myklebust mobiltlf.: 905 95 410 / Ingrid Finsådal mobiltlf.: 910 08 109
  • Studenthumanist, Lone Ellingsvåg Knutsen, mobiltlf. 992 95 480

Sentralbordet ved Høgskulen i Volda vil i perioden 17.- 26.3.2020 vere ope mellom 09.00 – 15.45

Hald deg oppdatert via offentlege kjelder

Del på