KHdele – eit hav av gratis læringsressursar

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

Er du lærar i Kunst og handverk og treng litt fagleg påfyll om leire eller teikning? Leitar du etter instruksjonsfilmar om fotografering eller samanføyingsteknikkar i tre? Eller søkjer du etter inspirasjon til ei oppgåvetekst du kan ta med deg til undervisinga i morgon?

Då vil KHdele.no vere til god nytte for deg.

Denne nettsida er gratis og inneheld gode, faglege og spennande læringsressursar for skulefaget Kunst og handverk. Her finn du eit hav av forskjellige instruksjonsfilmar og kan få fagleg påfyll innan interessante fagområde.

– KHdele skal vere ein plass der dei som underviser i eller studerer Kunst og handverk kan gå inn og finne ut korleis ein gjennomfører noko, både praktisk og teknisk. Det kan for eksempel vere korleis du dreier, syr saman deler til ei veske eller korleis du sinkar i tre.

Det seier Janne Heggvoll, høgskolelektor ved Høgskulen i Volda og ei av dei som står bak KHdele.no.

– Instruksjonsfilmane er konkrete og skal fungere som ein ressurs for deg eller dine elevar i deira praktiske arbeid. Under kategorien Fagleg påfyll kan du bli inspirert og tileigne deg ny fagkunnskap, og med Inspirasjon til oppgåver ynskjer vi å gi konkrete idear til oppgåver du som lærar kan ta med deg i klasserommet neste dag.

Janne Heggvoll, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. Foto: HVO.

KHdele er eit resultat av prosjektet «Multimodal læringsressurs i kunst og håndverk: Fagdidaktikk for aktiv læring» er eit samarbeid mellom fem UH-institusjonar – Høgskulen i Volda, Universitetet i Sørøst-Norge, Oslo Met, Høgskulen på Vestlandet og Nord Universitet, i tillegg til Norsk design og arkitektursenter og BIBSYS DLR frå arbeidslivet.

– Prosjektet fekk stønad av Norgesuniversitetet (nå DIKU) til utviklinga, og Universitetet i Sørøst-Norge stod som ansvarlege drivarar i perioden 2016-2021. Frå 2021 er det Høgskulen i Volda som er ansvarleg for utviklinga og drifta av nettsida, seier Heggvoll.

KHdele skal vere et bidrag i arbeidet med å utvikle kompetanse og utnytte teknologien sine moglegheiter for å fremje læring i ei lærar- og studentaktiv undervisingsform.

Kunst og handverk
Foto: Marius Beck Dahle

– Vi brukar blant anna KHdele aktivt inn mot KFK (Kompetanse for kvalitet) og MAGLU (master i grunnskulelærerutdanning), seier Heggvoll.

Innan KFK er der flere studietilbod, både samlingsbaserte og nettbaserte, og ein kan få stønad frå Utdanningsdirektoratet til å ta vidareutdanningar.

– Høgskulen i Volda har mellom anna eit veldig populært KFK-tilbod innan Kunst og håndverk, som har eit svært godt omdøme. Her står KHdele sentralt i planlegging og gjennomføring av undervising. Ressursane frå KHdele opnar for at våre studentar kan arbeide med praktiske prosjekt også utanom samlingsvekene, då dei kan støtte seg på ulike ressursar frå nettsida i sine prosessar.

KHdele er i stadig utvikling, og fagmiljøet ved Høgskulen i Volda og samarbeidspartnarane jobbar aktivt med å fylle nettsida med innhald og utvide ressursparken.

Foto: Marius Beck Dahle

Del på