– Eit løft for norskseksjonen

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

d4638b37043451b4245939e2a3edc107
Høgskulelektor Marit Brekke (f.v.) i samtale med førstelektor Birgitte Fondevik og førsteamanuensis Pål Hamre under boklanseringa torsdag.

Lanseringa av Norsk som reiskaps- og danningsfag var startskotet for Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda 2017. Boka er ein forskingsbasert antologi som spring ut frå norskmiljøet knytt til lærarutdanningane ved Høgskulen i Volda. Ti tilsette bidreg med eitt kapittel kvar, og i tillegg har boka fire eksterne bidragsytarar. Førstelektor Birgitte Fondevik og førsteamanuensis Pål Hamre er redaktørar for boka, som kom ut på Samlaget i august i år.

Mange med opprykk

Bakgrunnen er at mange har disputert eller oppnådd førstekompetanse dei siste åra, og fagmiljøet dekkjer naturleg dei fleste aktuelle emne i norskfaget.

– Boka synliggjer forskinga vi driv med i norskmiljøet, seier Fondevik.

Av dei ti tilsette ved høgskulen som bidreg med ein artikkel kvar i boka, skriv åtte om tema som har gitt dei førstekompetanse, medan dei to andre skriv om tema dei arbeider med på vegen mot førstekompetanse.

– Det er eit svært godt teikn for fagmiljøet vårt. Norskmiljøet vart vurdert som godt nok av NOKUT til at høgskulen skulle få starte opp den nye femårige grunnskulelærarutdanninga på masternivå. Men då vart vi også minna på om kor viktig forskingsdelen er. Både når det gjeld talet på tilsette med førstekompetanse og toppkompetanse og med forsking har ein litt å vise til frå dei seinare åra, fortel Hamre.

Endra fokus

Etter at NOKUT gjorde si vurdering av høgskulen i samband med den nye grunnskulelærarutdanninga har Kristin Kibsgaard Sjøhelle, Stig Helset og Pernille Fiskerstrand frå norskmiljøet disputert i løpet av eit drygt halvår.

– Ein skal ikkje mange år tilbake før vi var høgskulelektorar nesten alle saman, mimrar Fondevik, som no i haust starta på eit treårig løp som skal gjere ho til dosent.

Redaktørane av den ferske boka er ikkje i tvil om at dette er ei utvikling som vil halde fram og som er til det beste for høgskulen og ikkje minst studentane.

– Tidlegare har vi fokusert vel mykje på undervisning. Men forsking og undervisning heng saman. Med meir eigenprodusert forskingsmateriale kan vi gi ei betre forskingsbasert undervisning. Dei siste åra har det vore snakka mykje meir om forsking i fagmiljøet vårt, og denne boka er med på å gi eit løft for heile norskseksjonen, seier Fondevik og Hamre som har eit spesielt mål for det vidare arbeidet:

– Vi ønsker å dra med studentane inn i forskingsprosjekt framover. Det vil både vi og dei dra nytte av.

Stor breidde

bokl3.jpg

Norsk som reiskaps- og danningsfag har som mål å bidra til debatten og refleksjonen kring det faglege innhaldet i norskfaget. Norskfaget er skulens største fag, og det er stadig debatt om identiteten til faget. Årsaka til det er at faget på ein særeigen måte har ei todelt legitimering. På den eine sida er norskfaget eit reiskapsfag som gir elevane nødvendig språk- og tekstkompetanse for å delta i eit stadig meir tekstbasert arbeids- og samfunnsliv, på den andre sida er det eit kultur- og danningsfag. Mellom desse to posisjonane er det både spenningar og samanhengar.

Boka presenterer fagdidaktisk forsking som viser noko av breidda og mangfaldet i dagens norskfag i skulen. Forskingsbidraga representerer både eit tematisk og eit metodisk mangfald i tilnærminga til ulike norskfaglege emne. Boka inneheld faglege bidrag om leseopplæring og litteraturdidaktikk, skriveopplæring, norsk munnleg, digitale tekstar, språknormer og rettskriving, tekstvurdering, norsk som andrespråk, nynorsk som hovud- og sidemål og om norskfaget i møte med andre fag- og teksttradisjonar.

Boka vender seg til norsklærarutdannarar, studentar og norsklærarar på alle nivå i skulen.

Høgskulen i Volda har bidrege med økonomisk støtte og tilrettelegging som har gjort det mogleg å synleggjere det nynorske og fagdidaktiske norskmiljøet i Volda. For å få den faglege breidda redaktørane ønskte, inviterte dei med fire bidragsytarar utanom Volda-miljøet.

bokl2_620.jpgBidragsytarane i boka samla under skriveseminar på Sæbø. Framme frå venstre: Førstelektor Anne Steinsvik Nordal, HVO, forlagsredaktør Ellen Skjold Kvåle, Samlaget, professor Ingebjørg Tonne, UiO og stipendiat Hjalmar Eiksund, HVO. Bak frå venstre: Førstelektor Birgitte Fondevik, HVO, førstelektor Stig Helset, HVO, høgskulelektor Jorunn Aske, HVL, førsteamanuensis Wenke Mork Rogne, HVO, høgskulelektor Sofie Emilie Holmen, HVO, førsteamanuensis Magne Rogne UiS, førsteamanuensis Kristin Kibsgaard Sjøhelle, HVO og førsteamanuensis Pål Hamre, HVO. Ove Eide, Sandane, førsteamanuensis Hallvard Kjelen, Nord Universitet, førsteamanuensis Gudrun Kløve Juuhl, HVO og  førsteamanuensis Pernille Fiskerstrand, HVO var ikkje til stades då biletet var teke.

Del på