Fagbokprisen 2007 til høgskulelektor Lila Moberg

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Lila Moberg står bak prosjektet ”Kreativ bruk av IKT i barnehagen” som var gjennomført ved Røysmarka studentbarnehage i Volda i perioden 2004 til 2006.

- ”Barn og kommunikasjon” tek utgangspunkt i erfaringar frå prosjektet om IKT i barnehagen, og tek ser på læringsteoriar og korleis vi kan nytte IKT i den læringa som skjer i barnehagen, forklarar Moberg.

Nytt om IKT i barnehagen
- Det som er styrken ved denne fagboka er at dette er eit nytt fagområde innafor det pedagogiske tilbodet som barnehagen gir.

lilamoberg_stor

- Boka vil ta for seg sider av bruk av digitale verktøy som er lite omtalt i litteraturen, og vi vil visa korleis ein kan nytta digitale medium i barnehage som instrument for felles utforsking og samarbeid mellom små barn.

Juryen uthevar nytenkinga
Juryen for Nynorsk fagbokpris 2007 er sett saman av to representantar for Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo (SmiO) og to frå Det Norske Samlaget.
I grunngjevinga står det mellom anna at dette vert ei innføringsbok i eit emne som ikkje finst i litteraturen frå før og at målgruppa er stor rekna i talet på studentar.
Nynorsk fagbokpris er på kr 100 000 kroner og er oppretta av og blir forvalta av Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo og Det Norske Samlaget. Prisen skal gå til eit fag- eller lærebokprosjekt på nynorsk. Prosjektet skal vere av høg kvalitet når det gjeld fagformidling, og bør vere pensumrelevant på universitets- og høgskulenivå.

For studentar, barnehagetilsette og foreldre
- Boka vil i utgangspunktet vera ei viktig innføringsbok for studentar i førskulelærarutdanninga og for studentar som tek sikte på å arbeida med dei yngste i grunnskulen. Men like mykje vil det vera ei ressursbok for tilsette i barnehagen, foreldre og andre vaksne som er interessert i barn sin bruk av IKT.

Forfattarane har inngått ein intensjonsavtale med forlaget Gyldendal Akademiske om bokprosjektet.

Nora Lindén er høgskolelektor i pedagogikk ved Høgskulen i Bergen. Har arbeidd  med spesialpedagogiske problemstillingar i lærarutdanninga, med særskilt innretting mot barnehagen.

Lila Marie Moberg er høgskulelektor i IKT i læring ved Høgskulen i Volda. Har arbeidd med IKT og barn frå midten av 80-talet. Deltok som forskar i PILOT-prosjektet (Prosjekt Innovasjon Læring Organisasjon og Teknologi). Har gjennomført prosjekt saman med barn og vaksne på bruk av IKT i barnehage.

Studietilbod innan Kreativ bruk av IKT i barnehagen (15 stp) (Studiesenteret)
Studietilbod innan Kreativ bruk av IKT i barnehagen (15 stp) (Høgskulen i Volda)
Konferanseforedrag om IKT i barnehagen (Bibsys-lenke)

Del på