Festskrift til Arne Redse

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Arne Redse har eit mangfaldig yrkesliv bak seg. Han er utdanna prest, og han har vore prest i Oslo i fem år. Han han arbeidd som misjonær i Hong Kong i ei årrekkje.  Sidan 1993 har han undervist ved Høgskulen i Volda. Frå 2005 har han også vore knytt til Fjellhaug Internasjonale Høgskole.

Redse har ein stor produksjon bak seg. Ei mykje brukt lærebok i truslære kan nemnast. Ei liknande bok er utgitt på kinesisk og mykje brukt i undervisninga i den lutherske kyrkja i Kina. Det same gjeld ei innføring i liturgi. Interessa for kinesisk kultur har ført til ei doktoravhandling der han samanlikna ny-konfusianismen med den lutherske læra om rettferdiggjering ved tru åleine. Eit omfattande forfattarskap har han også i religionsundervisning i skule og kyrkje.

Festskriftet

Artiklane i denne boka rører ved spørsmål som har engasjert Arne Redse i eit langt liv i undervisning og forsking.

I ei rekkje artiklar blir synspunkt på misjon, tru og trusopplæring, både i fortid og notid, drøfta. Det same gjeld ulike utfordringar knytt til dagens pluralistiske religionsfag. Dei 21 artiklane er derfor delt inn i tre bolkar: misjon, tru og skule.   Ei rekke lokale forfattarar bidra i festskriftet til Arne Redse:  Bente Afset, Odd Ragnar Hunnes, Birger Løvlie, Inger Marie Okkenhaug, Ottar Berge, Ralph Meier, Knut-Willy Sæther, Jan Ove Ulstein, Randi Heide Fauske, Kristin Hatlebrekke, Yvonne Margaretha Wang. Alle desse er tilknytt Høgskulen i Volda.

66421bea98be73d6e5667868138aab5c

Boka er redigert av Bente Afset, Birger Løvlie og Arne Helge Tangen.
Det er bok nr. 24 i serien Kyrkjefag Profil, og blir utgitt av Portal forlag.

Markeringa

Festskriftet blir gitt til han ved ei tilstelling i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda fredag 19. juni kl. 10.45.

Meir om Arne Redse

Utdanning:

F. 1950. Misjonskandidat frå Fjellhaug Misjonsskole 1975 (i dag Fjellhaug Internasjonale Høgskole). Cand.theol. frå Menighetsfakultetet 1976, praktikum same stad 1978. Kinesisk språk ved Chinese University of Hong Kong, 1983-1985. Ph.D. i teologi frå Misjonshøgskolen i Stavanger, 2006.

Arbeid:

  • Residerande kapellan i Fossum menighet, Oslo, 1978-1983.
  • Misjonsprest i Hong Kong 1983-1993.
  • Høgskulelektor i religion og livssyn ved Høgskulen i Volda 1993-1995, førsteamanuensis same stad frå 1995 til 2007.
  • Har sidan 2005 vore utleigd til FiH i ein varierande del av stillinga (20 – 40 %)
  • Professor i misjonsvitskap ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole (FiH) frå 2007-.  Professor i RLE-didaktikk ved Høgskulen i Volda frå 2008.

Sentrale publikasjonar:

Bøker, artiklar og undervisningsmateriell innan religionspedagogikk og trusopplæring, på kinesisk og norsk. Ei lærebok i kristen dogmatikk. Ei lærebok i liturgihistorie og liturgikk. Ei lærebok om kinesisk religion. Doktoravhandlinga dreier seg om kontekstualisering av den lutherske rettferdiggjeringslæra innan nykonfutsianske kontekstar. Ei lang rekkje artiklar primært innan religionspedagogikk og misjonsvitskap. Medredaktør av seks antologiar, primært innan religionspedagogikk.

Eit utval av verv og oppgåver:

  •  Prosjektleiar for eit forskingsprosjekt innan UN-nett Vest, RLE-seksjonen.
  • Medlem av styret for NLA Lærerhøgskolen, 2004-2009
  • Medlem av Norsk Råd for Misjon og Evangelisering (NORME); medlem av arbeidsutvalet for Missiologisk forum i NORME, 2008-2010
  • Medlem av FoU-utvalet ved FiH, sidan 2007, i fire år som leiar
  • Medlem av styret for FiH (representant for fagleg tilsette)
  • Redaktør av fagtidsskriftet Innsyn: Tidsskrift for misjonsstrategisk informasjon og debatt sidan 2009
  • Redaktør av det vitskaplege fagtidsskriftet Norsk Tidsskrift for Misjonsvitenskap frå 2013
  • Medlem av Nordic Network for the Study of Church and Theology in China
  • Medlem av Nordic Institute for Missiological and Ecumenical Research
  • Medlem av International Association for Mission Studies (IAMS)

Del på