Haug medforfattar i ny bok
Professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda er medforfattar på ei bok som kom ut i Stockholm denne veka: Inkluderande pedagogikk i skandinaviskt perspektiv. Medforfattarar er professorane Niels Egelund ved Danmarks pædagogiske universitet og Bengt Persson frå Göteborgs universitet og Høgskulen i Agder.
Boka gir eit bilde av utviklinga i spesialpedagogikken som forskingsfelt og praksisfelt i Danmark, Sverige og Noreg. Den presenterer spenningane mellom spesialpedagogikk og allmennpedagogikk, og går inn på bakgrunnane for ideane om inkludering som ein overordna verdi i pedagogisk arbeid. Les meir på www.Liber.se sine sider. "Inkluderande pedagogik i skandinaviskt perspektiv" |