Mest lest i heile verda

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

bf050a14f9d936f194616f2bc4f7eb5d

Det var redaktøren i tidsskriftet Assessment in Education: Principles, Policy & Practice som slo på tråden til førsteamanuensis i grunnskulelærarutdanninga ved HVO, Siv Måseidvåg Gamlem, og kom med den gode nyheita.

Artikkelen med namnet «Student perceptions of classroom feedback» er den mest leste av alle utdanningsartiklar som er publisert gjennom forlaget Routledge dei to siste åra. Routledge er, ifølgje si eiga nettside, det verdsleiande akademiske forlaget i humaniora og samfunnsvitskap.

– Det kom som ei bombe når eg fekk den meldinga. Det heng veldig høgt, og spesielt når ein tenkar på alle dei akademikarane som sit rundt om i verda og skriv utdanningsartiklar. Det er utruleg gledeleg, seier Gamlem.

NYTT OG INTERESSANT

Artikkelen var ein av tre artiklar ho skreiv i samband med doktorgraden ho vart ferdig med i fjor. Ho har skreve den ilag med birettleiaren sin, Kari Smith, som er professor ved NTNU og UiB. Artikkelen tek føre seg korleis elevar i ungdomsskulen opplever nytteverdien av tilbakemeldingane dei får frå lærarane og medelevar. Gamlem har sine idear om kvifor artikkelen har blitt lesen av over 3.000 personer, etter at den vart publisert i 2013.

– Eg har kome med eit blikk på noko som ikkje har vert forska så mykje på før. Ungdomstrinnet i skulen er sårbart, og motivasjonen til elevane har ein tendens til å falle litt etter kvart. Denne problemstillinga og elevar i denne alderen har det ikkje vore mykje forsking på, seier Gamlem som sjølv har vore lærar i grunnskulen og brenn for det ho forskar på.

Les meir om den populære artikkelen her.

Med det fortel også litt om kva som skal til for å skrive ein artikkel som vert populær.

– Det må vere noko som er aktuelt og som folk innanfor feltet ein skriv om kan ha nytte av. Ein må kome med noko nytt, nyttig og interessant, meiner Gamlem.

ETTERSPURD INTERNASJONALT

Ho fortel at ho har fått mange gode tilbakemeldingar frå fagfolk både nasjonalt og internasjonalt. Artikkelen vart lest av tre utanlandske professorar før den vart godkjend av tidsskriftet. Gamlem smiler breidt når ho fortel om interessa for den.

– Den er sitert og vist til mange gonger. Det er så gøy å vise at vi publiserer på høgt nivå på Høgskulen i Volda, og det seier noko om at det vi jobbar med innan utdanning i Volda er interessant og aktuelt. Det er etterspurd det vi gjer. Eg visste det var det på nasjonalt nivå, men det er gøy å sjå at det er det internasjonalt også.

Gamlem starta studiet til artikkelen med å filme 29 lærarar i forskjellige klasserom på ulike skular, for å få ei oversikt over korleis tilbakemeldingane til elevane vart gitt og søkt etter. Så fekk ho tak i 150 ungdomsskuleelvar som takka ja til å bli intervjua. Ut av desse 150 valde ho ut 11 for meir djuptgåande intervju.

– Eg har fått eit godt innblikk i elevens forståing av nyttig tilbakemelding i fagleg arbeid, og har formidla korleis dei kan vere til hjelp og støtte for elevens læringsprosessar. Då har eg mellom anna laga ein typologi som fortel kva slags tilbakemeldingar som er nyttige for eleven, og motsett, fortel Gamlem som undra seg over at så få har studert denne tematikken.

– Det er mange studiar som tek føre seg korleis lærarane skal gi tilbakemeldingar til elevane. Men det er vel så viktig den andre vegen, og eg skjønner ikkje kvifor det er så lite forsking på det, gjentek Gamlem.

MÅNADENS ARTIKKEL

Ein annan av hennar tre artiklar i doktorgradsarbeidet, «Mapping the quality of feedback to support students` learning in lower secondary classrooms», har også fått mykje merksemd.

I september i fjor var den månadens fokusartikkel for utdanningsartiklar hos Routledge, då den vart publisert i det anerkjente tidsskriftet Cambridge Journal of Education.

– Den er også mykje brukt internasjonalt. Det er igjen eit teikn på at vi gjer mykje bra på Høgskulen i Volda, smiler Gamlem, som håpar at den vidare forskinga hennar vil gjere henne til professor om ikkje så alt for mange år.

 

Del på